Feilskjer øydela for Sverre
Sverre Lunde Pedersen har vist kanonform i OL, men på 1.500-meteren i dag gjorde eit feilskjer at han hamna eit godt stykke bak pallen.
Søndag tok han bronse på 5.000 meter. På 1.500-meteren i dag blei det ein skuffande niandeplass for Sverre Lunde Pedersen.
Heime i stova på Os heia pappa Jarle fram sonen med TV» og lokalavisa på besøk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Osingen som stod utan OL-medalje før årets store happening i PyeongChang har sikra seg ein bronse, og framleis står lagkonkurransen att - der Noreg stiller med eit svært sterkt lag.
Resultat:
Gull: Kjeld Nuis, Nederland 1.44,01.
Sølv: Patrick Roest, Nederland 1.44,86.
Bronse: Min-Seok Kim, Sør-Korea 1.44,93.
9. Sverre Lunde Pedersen 1.46,12,
jostein@osogfusa.no