Dei 100 største Fusa-verksemdene
Mykje pga. akvakultur-bransjen har dei ti største Fusa-verksemdene ei langt større omsetning enn dei største i Os.
Med to unntak er det oppdrettsverksemder som er dei med størst omsetning i Fusa. 2015-tala syner at Bolaks, Eide Fjordbruk, Tombre Fiskeanlegg, Quatro Laks og Sævareid Fiskeanlegg er dei største innan akvakultur-bransjen. Bolaks ruvar øvst med ei omsetning på 389 mill. kroner i 2015, etterfølgd av Eide Holding AS med 357 mill. kroner. Sistnemnde hadde året før ein omsetning på 299 mill. kroner og året før det att 278 mill. kroner, og oppdrettaren kan såleis visa til kraftig vekst. Også Bolaks veks frå 368 mill. kroner i fjor.
Fusa har fem verksemder med ei omsetning på over 200 mill. kroner - nabokommunen Os har til samanlikning berre to på dette nivået.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framo på veg mot toppen att
Hjørnesteinsverksemda Framo Fusa er i ein liga for seg, og er den einaste verksemda som kan måla driftsinntektene i milliard-klassen. Med 2,67 milliardar i omsetning i 2015, har det vore eit svært godt år. Dei har vakse med 380 millionar kroner sidan året før - tilsvarande heile omsetninga til Bolaks. Sidan botn-året 2012, er Framo dermed på god veg opp mot nivået frå toppåret 2008 då Framo omsette for 3,58 milliardar kroner.
Elles held Leigland AS seg på solide 319 millionar i omsetning, og er dermed den fjerde største verksemda i Fusa.