Strålande symjehelg på Stord
Os Svømmeklubb forsynte seg grovt av medaljefatet under Stord Cup sist helg.
Totalt kom symjeklubben frå Os heim med seks gull, to sølv og seks bronsemedaljar frå stemnet. I tillegg vart det svært mange topp-10-plasseringar.
Mange persar
Stord Cup er eit stort stemne med over 400 deltakarar, hovudsakeleg fra Hordaland og Rogaland. I så måte gler det klubbleiinga stort at osingane gjorde det så bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er veldig stolte av utøvarane våre, men viktigare enn plasseringane var det at alle symjarane våre sette personlege rekordar. Nærast i kvar einaste øving hagla rekordane. Dette viser at den flotte treningsinnsatsen dei har lagt ned i høst verkeleg har løna seg, seier trenar Thomas Harlem.
Godt samarbeid med Arna SK
Nytt av året er at Os Svømmeklubb har starta samarbeid med Arna Svømmeklubb.
– Vi har vore på to treningsleirar i lag med Arna-symjarane denne hausten. Samarbeidet har vore vellukka, både sportsleg og sosialt.
På treningsleirane har dei trena to svømmeøkter kvar dag, samt spedd på med ei landtrening mellom øktene.
– Det er klart slik tøff trening og god innsats gjev resultat, seier trenaren.
Heime i Osbadet har symjarane frå Os halde fram med å trena like godt som dei har gjort på treningsleirane.
– Når ein trenar så godt, vert eg ikkje overraska over gode resultat på stemne heller, seier Harlem.
Han legg til at klubben også har starta samarbeid med personleg trener John Hauge som hjelper gjengen med basistrening.
Artikkelen held fram under annonsen.
Støttar kvarandre godt
Trenaren trekkjer også fram at utøvarane i Os Svømmeklubb er svært flinke til å støtte kvarandre.
– Dette ser me både i samband med konkurranser og under og etter trening. Slik støtte er svært verdfull, seier han.
Best resultat på Stord Cup var det Emil Austevoll Harlem (2005) som stod for. Han vann alle sine seks distansar, og sumde på tider som plasserer ungguten høgt på den nasjonale rankingen.
Unge Emil noterte seg mellom anna for den nest beste tida på 50 butterfly (32.5) og 200 butterfly (2.49.1) i Norge i år i sin klasse.
På stemnet var følgjande svømmarar med:
Emil A. Harlem (2005), Jakob A. Harlem (2008), Hedda Bastiansen Kvittingen (2004), Even Haarstad (2004), Sindre Haarstad (2006), Sondre Førde Valle (2006), Nora Hanken (2007), Janne Marie Holm (2004), Tracy Malene Holm (2004), Emma Skarstein Kjetland (2004), Håkon Johnsen (2002).
I tillegg hadde Os SK med fem rekruttsvømmarar som deltok i uapprobert klasse:
Ulrik Johan Pedersen (2008)
Alexander Norbeck (2008)
Artikkelen held fram under annonsen.
Sanne Førde Valle (2009)
Eline Søviknes (2009)
Ada Elea Wikestad (2006).
kenneth.svenningsen@osogfusa.no