Hevdar å ha sett campingvogn-gjestar tømma septiktank rett i sjøen
– Vi snakka til dei, og fekk beskjed om at vi ikkje skulle bry oss, skriv Margunn og Kjell til Os kommune.
I starten av juni sende dei to brev til Os kommune om hendinga som skal ha funne stad på bubilparkeringa.
– I helga var vi på Os bubilparkering og blei veldig overraska over kor fint de har tilrettelagt hamneområdet. (...). Det stod ei campingvogn på bubilplassen, noko som høyrer heime på ein campingplass. Men det som sjokkerte oss og andre, var at dei tømde do-tanken rett i sjøen. Dei blei snakka til av fleire, men vi fekk som tilbakemelding at dei betalte 24.000 kroner for å stå der, så vi skulle ikkje bry oss. Det verka nærast som at dei budde fast i campingvogna. Håpar de tek tak i dette og at campingvogna er borte neste gong vi vitjar Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Septiktanken skal tømmast på kloakkstasjonen
Torsdag snakka Os & Fusaposten med prosjektsjef i Os, Halvor Hanevik. Prosjektsjefen har ikkje høyrt om tilfelle der folk tømmer septiktanken frå bubilen rett i sjøen.
– Eg har ikkje høyrt om dette, men eg kan ikkje seia at ingen i kommunen har fått denne beskjeden. Det skal uansett ikkje skje at folk tømmer septiktanken i sjøen, og eg håpar og trur at folk ikkje gjer det. Vi har ein fin tømmeplass i Os, kloakkstasjonen i det raude huset ved Essoen, seier Hanevik.