I februar i år fekk 14-åringar som er nysgjerrige på yrkesval spørja om alt dei lurte på då Unge Høgre arrangerte temakveld. Her er nokre ungdomar i samtale med Marianne Kramer frå Os kommune. Her heldt også gründer Jonny Hesthammar føredrag. (Arkvifoto)
I februar i år fekk 14-åringar som er nysgjerrige på yrkesval spørja om alt dei lurte på då Unge Høgre arrangerte temakveld. Her er nokre ungdomar i samtale med Marianne Kramer frå Os kommune. Her heldt også gründer Jonny Hesthammar føredrag. (Arkvifoto)

Følg draumen - eller?

Skal du bruka hovudet eller hjartet når du vel yrke?

"Hjelp! Eg har valt feil utdanning, og brukt masse tid og pengar på noko eg ikkje har lyst å jobba med. Er det nokon av dykk som har begynt å studera på nytt i ein alder av 27?"

Sitatet over er frå ei kvinne som på slutten av utdanninga fann ut at dette ikkje var noko for henne. Og sjølv om alle kan få ein ny sjanse om dei har valt heilt feil i livet, er det naturleg nok best å unngå å velja feil i utgangspunktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjenn deg sjølv

Det første rådet som gründer og føredragshaldaren Jonny Hesthammar gjev er følgjande: Kjenn deg sjølv.

- Ta ein rask personlegdoms-test på 16personalities.com/no som gjev i alle fall ein peikepinn på kva type menneske du er, og kva yrke som passar for deg, seier Hesthammar.

Etter å ha svart på ei rekkje spørsmål om du til dømes er sosial eller innadvendt, eller om du likar å gjera noko praktisk, heller enn å lesa, blir du plassert i ein av 16 moglege personlegdoms-typar. Alt etter om svara dine plasserer deg som ein logikar, entertainer, praktikar, eventyrar eller administrator, får du råd om moglege karriereval som kan passa til din personlegdom.

- Dersom ein gjer sitt livs kanskje viktigaste val utan å kjenna seg sjølv, risikerer ein å hamna på feil hylle i livet, seier Hesthammar.

- Følg hjartet!

Eit anna spørsmål ein må stilla seg når ein skal velja yrke er om ein skal lytta mest til fornufta eller til hjartet. Her er det ikkje alltid nokon motsetnad, men ekspertane vektlegg ofte litt ulikt når dei skal gje råd på dette feltet. Ei av dei som meiner ein bør følgja hjartet, er TV-reporter og kurshaldar Anne Marie Brusdal.

- Det er fort gjort å lytta til velmeinte åtvaringar om at ein ikkje må finna på å ta den eller den utdanninga. Då eg var ung, vurderte eg å bli farmasøyt fordi eg hadde fått råd om det på skulen. Heldigvis skjønte eg at det ville ha vore eit yrkesval som går på tvers av min personlegdom, seier Brusdal.

Ho skildrar seg sjølv om kreativ, talefør og flink med menneske, eigenskapar som kjem godt med både som kurshaldar og TV-reporter.

- Jobben skal du kanskje ha i 30-40 år. Då må ein må velja noko som ein trur ein kan trivast med, seier Brusdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Følg fornufta!

Ein som legg meir vekt på det rasjonelle valet ut frå ei totalvurdering av kva type yrke samfunnet har mest bruk for, er Aslak Sira Myhre. Han er mellom anna kjent som politikar og skribent, og nyleg skreiv han ein kronikk i Dagsavisen med tittelen "Ikke følg drømmen din".

- Det er meir enn nok av folk i dette landet som går på dans og drama og drøymer om å bli skodespelarar, musikarar eller songarar. Samtidig er det utruleg få som drøymer om å vaska golv eller å sitja i kassa på Rema 1000. Like fullt er det langt fleire som skal leva av å vaska golv enn å syngja, skreiv Sira Myhre.

Han viser til at omtrent alt av TV-seriar og filmar for ungdom handlar om korleis hovudpersonen blir oppdaga og blir sportskjendis eller songstjerne.

- Me må ikkje lulla borna våre inn i uverkelege fantasiar. I staden treng me å føreslå for dei at dei skal gjera noko nyttig for samfunnet, og noko som er bra for andre enn dei sjølve, gjev Sira Myhre uttrykk for.

Begge delar?

Medan mange takka Sira Myhre for ein sunn dose realisme, var det også ein god del som var ueinige. Ein av dei er redaktør for Framtida.no, Svein Olav Langåker.

- Eg synest han overdriv tendensen til at folk drøymer om å bli kjendis. Han skriv at det er så få som drøymer om å bli lærar eller søppelkøyrar. Men kva veit han om draumane til dei som gjer desse viktige jobbane, spør Langåker.

Han viser til kva ei ung jente skriv på ung.no: "Eg er jente, og vil bli søppeltømar. Det er fordi eg har høyrt at ein tener godt, det er bra fysisk arbeid, og ein jobbar tidleg om morgonen".

Tal frå Samordna Opptak viser dessutan at Lærarutdanning og sjukepleiarstudiet er blant dei mest populære utdanningsvala, noko som viser at dagens unge faktisk drøymer om å få seg ein nyttig jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette viser at å gjera noko som samfunnet treng, er faktisk den draumen mange unge ber på, seier han.

- Til sjuande og sist bør ein vel bruka både hjarte og hjerne når ein skal velja?

s- Ja. Ein bør velja ei utdanning som kan gje ein jobb ein har lyst på. Samtidig må ein ikkje gløyma å tenkja gjennom korleis ein kan leva av det, avrundar Langåker.