Crowded House-legende klar for Osfest
Neil Finn er hylla som den beste låtskrivaren sidan Paul McCartney. Laurdag 6. august står han på Osfest-scenen.
Neil Finn frå New Zealand fekk sitt gjennombrot då han starta bandet «Crowded House» som fikk ei rekke globale hitar som «Don't Dream it's Over», «Weather With You» og «Four Seasons in One Day». Nyleg stod han bak musikken til «Hobbiten» med songen «Song of the Lonely Mountain».
Finn har spelt inn ei rekke suksessrike solo-album, og har også vore gitarist for Radiohead.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ei stor ære for Osfest å få så storfint besøk. Neil Finn er ein av dei mest innflytelsesrike låtskrivarane i pop-musikken nokosinne. Dette blir einaste sjanse til å få høyra desse fantastiske songane live i Noreg i 2016, seier festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.
Neil Finn skal spela på laurdagen, før Mike & the Mechanics.