Politiet og AMK rykte ut på melding om arbeidsuhell ved Lyseklostervegen. Ein 18-år gamal mann fekk foten i klem under vegarbeid, og enda opp med to brot i foten.
Politiet og AMK rykte ut på melding om arbeidsuhell ved Lyseklostervegen. Ein 18-år gamal mann fekk foten i klem under vegarbeid, og enda opp med to brot i foten.

To brot i foten etter arbeidsuhell

Ein 18-åring fekk grabben frå ein gravemaskin over foten i ei arbeidsulukke i samband med prosjekt E39 Moberg-Svegatjørn.

Torsdag i 13-tida rykte AMK og politiet ut på melding om arbeidsulukke ved Lyseklostervegen. Ulukka skjedde på anleggsvegen til Endelausmarka i samband med bygginga av E39 Moberg-Svegatjørn.

- 18-åringen vart køyrd til sjukehus, og det er konstatert to brot i foten. Førebels ser det ut som at han ikkje får varige mén, seier Geir Brekke frå Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fiberduk og skuff over foten

Brekke, som er kommunikasjonsrådgjevar for prosjektet, fortel at ulukka skjedde i samaband med utlegging av fiberduk.

- Dette er berre ein melombels veg, som skal vekk når prosjektet er ferdig om nokre år. Difor vert det lagt ut fiberdukar, slik at me ikkje lagar varige spor i terrenget. Duken skal ha blitt lagt over foten på ein lærling i underentreprenør-firmaet Vassbakk og Stol. Så skal skuffa på maskinen ha trykt ned der foten hans var, seier Brekke.

Ser alvorleg på hendinga

Vegvesenet er i dialog med entreprenør Veidekke, for å raskt få klarlagt årsaksforholdet. Det vil bli gjort ei vurdering og rutinane skal sjåast på.

- Det er ikkje ofte me opplever arbeidsulukker. Me har eit mål om at me ikkje skal ha arbeidsulukker i det heile. Så dette ser me alvorleg på, seier Brekke.

- Heldigvis ser det førebels ut til at det går bra med guten, legg Brekke til.