Straumlause på nyttårskvelden
270 husstandar på Nore Neset og Hagaviks-området er utan straum i kveld.
Sterk vind førte til straumbrot i Nore Neset- og Hagavik-området om lag kl. 20 i kveld.
Heile 2.000 husstandar mista straumen, inkludert mange i Strøno.
Artikkelen held fram under annonsen.
BKKs mannskap har kopla om straumen slik at alle i Strøno har fått straumen tilbake. Men det er framleis 270 husstandar i Nore Neset og Hagavik som er utan straum.
BKK har lokalisert feilen, jobbar på spreng og håpar at straumen er tilbake i løpet av kvelden for dei siste berørte.