Tre generasjonar korpsmusikarar. Til høgre Jan Otto Samnøen som i år feira 60 år sidan første gong han spela på 17. mai, saman med dottera Solgun Samnøen Mjånes og yngste barnebarn, Jon Heine Mjånes (14).
Tre generasjonar korpsmusikarar. Til høgre Jan Otto Samnøen som i år feira 60 år sidan første gong han spela på 17. mai, saman med dottera Solgun Samnøen Mjånes og yngste barnebarn, Jon Heine Mjånes (14).

Tre generasjonar i korpset

På 17. mai i år hadde Jan Otto Samnøen med seg både dottera og eit barnebarn i korpset i Eikelandsosen, på sitt eige 60-års-jubileum for å gå i toget og spela på nasjonaldagen.

- Det er jo litt spesielt at vi var tre generasjonar samla, seier han.

For Jan Otto var det på 17. mai i år 60 år sidan han spelte i 17. mai-toget i Eikelandsosen for første gong. Han har spelt kvart år sidan, bortsett frå to gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg hadde han dottera Solgun Samnøen Mjånes og son hennar Jon Heine Mjånes.

Jan Otto har spelt mange forskjellige instrument i korpset. Mellom anna althorn, kornett og baryton.

- Eg har spelt trombone i 35 år, men dei siste åra har eg spelt tuba. På grunn av 60-års-jubileet mitt tok eg trombonen tilbake i år, fortel han.

Tok oppatt som vaksen

Dottera Solgunn speler kornett. Ho var med i skulemusikken som ung og tok opp igjen spelinga etter at ho sjølv vart mor, fortel Jan Otto.

- Ho har hatt born i både skulemusikken og musikklaget og byrja igjen i musikklaget sjølv, seier Jan Otto.

Jon Heine på 14 år speler althorn i skulemusikken, men er også med i musikklaget.

I Eikelandsosen er det nemleg to korps: Eikelandsosen skulemusikklag, for dei yngste, og Eikelandsfjorden musikklag for dei vaksne.

Slår seg saman

- Dei siste åra har musikklaget gått i lag med skulemusikken, så då blir vi blir rundt 25 medlemer i korpsa, fortel jubilanten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nøyaktige talet har han ikkje heilt kontroll på.

- Du veit, eg går fremst i 17. mai-toget med trombonen, så då ser eg meg ikkje mykje tilbake, forklarer han lattermildt.

På spørsmål om kvifor han har halde på så lenge vert han svar skuldig.

- Eg veit ikkje heilt, men eg er veldig interessert i korpsmusiikk, særleg jazz. Eg øver, og trivest med det.

Han har også spelt litt i Bjørnefjorden Jazzensemble.