Gjer E39-målingar med drone
Ein drone syt for at vegvesenet for avgjerande måledata for bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal.
- Dette strekkjet har to av dei største vegkontraktane i landet. Dette stiller store krav til Statens vegvesen med oppfølging og kontroll av entreprenørane sitt arbeid. Dette gjeld og innan fagfeltet for berekning av fysiske mengder ute i dagen og i tunellane, og utarbeiding av målebrev, fortel kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke.
Til bistand i dette har ein engasjert eit eige rådgivingsfirma som skal skaffa datagrunnlaget innan geomatikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
360 grader
Brekke opplyser at det er arbeidsfelleskapet Veseth AS og Hawkeye AS i Bergen som har fått oppdraget.
- Dei kom i gang i haust og er å sjå ute i anleggsområdet så snart veret ikkje er for krevjande, fortel Brekke.
Den tysk-produserte dronen skal ikkje ha for sterk vind når ho er ute i lufta. Grensa går ved 10 meter per sekund, og sikta må vera god.
- Dronen kan gå inntil 125 m opp frå bakken, ifølge konsesjonen frå Luftfarttilsynet. Dronen er utstyrt med kamera for stillfoto, og kan ta opptak med 360 graders oversikt. Opptaka gir grunnlag for terrengmodellane, forklarer Brekke.
Det meste av det geomatiske arbeidet kan gjennomførast med flyging. Men framleis blir det utført ein del målingar på "gamle-måten".
Teneste-oppdraget skal utførast fram til utgangen av 2020, med opsjon på forlenging eitt år om gongen i to år.