Imponerte i serieopninga
Eikelandsfjorden hamna under mot Tornado Bergen i serieopninga, men slo sterkt tilbake.
- Vi hamna under mot eit godt spelande lag. Vi kom gradvis meir inn i kampen og fekk til spelet vårt, seier trenar Knut Hjertnes.
Før pausesignalet gjekk, hadde Eikelandsfjorden snudd kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utlikninga stod Petter Teige Nes for då han chippa ballen over keeper og i mål. 2-1 kom då Daniel Tonning blei spelt fri på kanten. Han gjekk til dødlinja før han skar utover og klinka ballen i motsett kryss, seier Hjertnes.
Takkar supporterane
Tornado pressa på etter kvilen, men Eikelandsfjorden hadde stort sett kontroll på det som kom, i følgje rapportane, og stod for det einaste målet i andreomgang.
- Stian Håvik tråkla seg gjennom og blei felt innanfor sekstenmeteren. Daniel Tonning var sikker frå straffemerket, seier Hjertnes.
På Facebook skriv klubben at sigeren kunne blitt større, då heimelaget hadde nokre saftige sjansar på slutten. I tillegg skryter dei av supporterane.
- Det gode publikumsoppmøtet held fram frå i fjor, og det var kring 110 besøkjande. Dette er stas, og det gir ein fin boost til dei som spelar, skriv dei.