Målstrid i kommunestyret
Kan nynorsk-undervisning velta heile integreringa? Kommunestyret diskuterte i kveld språkpolitikk med nebb og klør.
Øystein Lid
Artikkelen held fram under annonsen.
ol@osogfusa.no
- Og me har Heggland, Enerhaug, Sperrevik, Bruarøy, Lillestøl, Tømmerbakke, Nilsen, Hesjedal, Døsen og Rykkel på talarlista, sa ein mildt oppgitt ordførar. Kommunestyret gjekk ut over normert tid på nynorsk-interpellasjonen frå Miljøpartiet Dei Grøne. Som «Os og Fusaposten»skreiv om før helga, ønskjer partiet at innvandrarar som kjem til Os skal slutta å læra bokmål, men heller gå over til kommunens offisielle målform. Men for fleire av representantane strekte diskusjonen seg langt ut over dette utgangspunktet.
Nynorsken på vikande front?
- Dette spørsmålet handlar om kjensler, historie og kultur, oppsummerte Trine Lindborg (Ap).
Om kjenslene var varme mot nynorsken eller ikkje, varierte derimot veldig. Susanne Sperrevik (H) var klar for å la bokmålet ta over bygda.
- Me skal bli 40.000 osingar. Den dagen det skjer, trur ikkje eg at me er ein nynorskkommune lenger, sa Sperrevik.
Ho møtte straks motstand, jamvel frå eige parti.
- Så lenge eg er med i politikken skal eg syta for at me er ein nynorskkommune, sa Marie Bruarøy (H).
Men likevel meinte ho at bokmålet skulle få leva som målform i vaksenopplæringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det viktigaste er ikkje er om folk seier ikke eller ikkje. Det viktigaste er at innvandrarane lærer seg norsk, sa Marie Bruarøy (H).
"Ani" ei "øskja" og ein "svits"
- Her i Os seier me "eg skal ha ei øskja paracettar". Men kva trur du dei lærer på vaksenopplæringa? "Kan jeg få hodepinetabletter", sa Torunn Sperrevik (TvS).
Arild Mads Nilsen (Ap) som har ansvaret for tilsetjingssaker hjå Tide buss, fortalde om kva språkvanskar det kan gje når folk ikkje forstår lokale ord som "ani".
- Før innvandrarar kan få jobb hjå oss må dei ha bestått norskprøvar på eit visst nivå. Men ein gong ein av innvandrarane var på jobb, tok det fyr i motoren. Han ringde til trafikkontoret, som gav han beskjed om å "ta ut svitsen". Han hadde aldri høyrt om svitsen, og det tok berre meir og meir fyr. Tenningsnøkkelen, derimot, visste han kva var, sa Nilsen, som ikkje såg dette som noko argument for å endra målform.
- Ei grusom salve
Ordførar Terje Søviknes refererte svaret frå Vaksenopplæringa og flyktningtenesta i kommunen. Dei ønskte å behalda bokmålet. Dei argumenterte med at det finst mest materiale på bokmål, og at dei har bygt seg opp mykje materiale på denne målforma.
- Når elevane skal ut i språkpraksis opplever dei at det er bokmål som oftast vert skrive i desse verksemdene. Aviser, internett og reklame er også oftast på bokmål, refererte Søviknes.
Dei som kjem frå asylmottak andre stader i landet og deretter til Os, har ofte møtt bokmål først. Søviknes gav også til kjenne sitt eige standpunkt.
- Me står overfor ei utfordring når me går frå å ta i mot 15 til 45 personar. Me har visse kapasitetsutfordringar. Eg tenkjer at desse må stå i fokus, og ikkje kva målform me gjev norskopplæringa i, sa Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Harald Døsen (Ap) var lite imponert over svaret frå vaksenopplæringa, og tydde til tysk for å få fram kor misnøgd han var.
- Das war eine grausame Salbe (ein grusom salve, ei fæl utskjelling, journ mrk.)
- Drog vaksenopplæringa konklusjonen først, dei vil halda på bokmålet, og så fann dei argumentasjonen? Me fekk ikkje eit einaste argument for nynorskopplæring. Det sakna eg, sa Døsen.
- Triviell sak
Leif Gunnar Heggland (Frp) meinte at saka nesten var for triviell til å diskuterast.
- Den dagen det viktigaste spørsmålet er kva målform flyktningane skal ha, då er me komne langt. Då har me løyst alt som handlar om integrering, busetjing, kultur og arbeidsliv. Fram til det skjer, er dette eit trivielt problem, sa Heggland.
Emil Tetlie Brimsholm (H) stilte spørsmålet på spissen: "Skal me verkeleg prioritera å leggja vekta på nynorskopplæring i staden for godt integreringsarbeid?
Gisle Hesjedal (Ap) såg det som godt integreringsarbeid nettopp å læra innvandrarar nynorsk.
- Kanskje nokon vil argumentera med at innvandrarar lettare kan få seg jobb på Austlandet dersom dei lærer seg bokmål. Men vil me ikkje at dei skal busetja seg her, då? spurde han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det vil skapa forvirring dersom innvandrarborna må læra seg nynorsk på skulen, og så når dei kjem til foreldra har dei lært bokmål. Og det vil bli problem for dei som lærer bokmål å få jobb i ein nynorskkommune som vår, sa Siren Tømmerbakke (Sp).
Ein bokmålsmann taler nynorskens sak
Størst åtgaum vekte likevel Jon Sivert Rykkel (V) sitt innlegg. Hans talemål ligg nært bokmålet, og få venta å høyra nynorskforsvar frå hans munn.
- Eg er kanskje ikkje nynorskens største son. Men eg tykkjer det er rart å høyra på debatten. På den eine sida vert det sagt at dette spørsmålet er heilt trivielt. På den andre sida kan det visstnok velta heile integreringsprosessen, sa Rykkel.
- Dette har nærma seg ein diskusjon om nynorsk eller bokmål. Det er nok ein diskusjon me aldri vert ferdige med her i dette landet. Eg registrerer at det finst ei frykt i Os for at me skal bli bokmålskommune. Me vil bevara skriftspråket vårt, og då må nye osingar som har tenkt å busetja seg her permanent læra seg nynorsk. Dette er ein veldig viktig del av vår identitet, sa Rykkel.
- Eg hadde aldri trudd at ein venstremann skulle overtyda meg. Det var eit fantastisk innlegg frå Rykkel, sa Trine Lindborg (Ap).
Røysting
Men det var likevel ikkje nok til å snu fleirtalet. MDG greidde å få med seg dei fleste opposisjonspartia, og halve Arbeidarpartiet, men ikkje Frp og H. Dermed forblir målforma i vaksenopplæringa i Os på bokmål, enn så lenge.
(Røysting: 13 røyster og fall: 2, MDG, 2 KrF, 2 Sp, 2 V, 3 Ap: Døsen, Hesjedal og Lindborg)