Manglar 1 mill. til undervising
Holdhus oppvekstsenter treng 1,5 årsverk, eller 975.000 kroner meir i 2016 enn i 2015 for å stetta dei faglege lovkrava til undervising. For å sikra ressurstilgangen, er tilsette ved skulen opne for å gjera naudsynte grep i skulestrukturen.
I juli fortalde lærar ved Holdhus oppvekstsenter, Maria Louise Lister Midtrød, til «Os og Fusaposten» at elevar i Fusa ikkje får den undervisinga dei har krav på. I samband med høyringa om ny skulestruktur, har pedagogisk personale ved same skule, lyst til å gje politikarane i Fusa eit innblikk i kvardagen i grunnskulen i Fusa.
Ingen tilsette ved andre skular, har uttalt seg i samband med høyringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Frå 2012 til 2013 reduserte Fusa kommune utgiftsnivået i grunnskulen med 6 prosent. Frå 2013/2014 til 2014/2015 har det skjedd ein ytterlegare reduksjon i talet på lærarårsverk. Dette er ei underbemanning som, ut frå våre erfraingar, fører til at kvaliteten på tilpassa opplæring ved Holdhus oppvekstsenter, vert redusert, heiter det i uttalen.
Personalet meiner at for å vidareføra og oppgradera opplæringa i samsvar med lovkrava, så treng skulen 1,5 årsverk meir frå neste år.
- Behovet gjer at vi støttar at det vert gjort grep for å auka ressursane i grunnskulen.
- Under snittet
Krava til symjeopplæring vart ifølgje uttalen auka i 2015. Holdhus oppvekstsenter får tilskot til sju turar til symjebassenget i Eikelandsosen per skuleår. I 2014/2015 fylte skulen opp bussen og lånte undervisingsrom på Eikelandsosen skule, ni gonger. Dermed fekk elevane i 1.-4. klasse fem gonger med symjeundervising, medan elevane i 5.-7. klasse vitja bassenget fire gonger.
- Sjølv med dyktige lærarar og eit strukturert opplegg, vurderte vi det slik at berre 1/3 av elevane hadde nådd måla som var sett for symjeopplæringa, kjem det fram i uttalen.
Eit anna ankepunkt er at det er meir omfattande å førebu og tilpassa undervisinga når klassane er delte. Dette gjer det igjen vanskelegare å halda seg oppdatert på nye læreplanar og utdanningsforsking.
- Når fleire årssteg er samla i same klasse må læraren gjerne bruka dobbel så lang tid på undervisinga.
Det betyr at tida som vert att til å rettleia den enkelte elev, vert mindre.
Artikkelen held fram under annonsen.
I uttalen påpeikar personalet også fleire "feil" i rapporten frå Agenda Kaupang.
- Det vert påstått at elevane i Fusa har svært gode avgangskarakterar og at grunnskuleelevane skårar gjennomsnittleg til høgt på nasjonale prøvar. Men om ein ser på karakterane deira på skriftleg eksamen, og på grunnskulepoenga frå 2014, er dette feil. På nasjonale prøver frå til dømes 2014, er fleire av resultata dessutan under snittet.
Vanskelege arbeidstilhøve
I tillegg til utfordringar knytt til undervising, fortel personalet at dei fysiske tilhøva ved skulen ikkje er optimale. Spesielt inneklimaet er ifølgje dei tilsette, lite tilfredsstillande.
- Det er lite gunstig at drifts- og vedlikehaldsavdelinga i kommunen skal "sørva" sju grunnskuleanlegg og at kommunen ikkje har nok pengar til å vedlikehalda bygga.
Ifølgje uttalen er dei tilsette ved Holdhus oppvekstsenter vore svært romslege og løysingsorienterte dei siste åra.
- Trass vanskelege arbeidstilhøve gjennom år med ustabil leiing, mange ufaglærte og tung slitasje på personalgruppa, har trivnaden for elevar og tilsette vore høgt prioritert.
Personalet ved Holdhus oppvekstsenter meiner Fusa kommune bør leggja til rette for ein grunnskule som set det faglege høgt. Om det skal lata seg gjera, er det heilt avgjerande at dei økonomiske aspekta ved skuledrifta fell på plass.
- Av den grunn er vi opne for dei grepa som det politiske miljøet ser føre seg som moglege for å sikra naudsynt ressurstilgang, skriv dei.