Elevane lytta nøye til forteljinga frå Einar Martinsen si vitjing i Litauen.
Elevane lytta nøye til forteljinga frå Einar Martinsen si vitjing i Litauen.

Laga den flottaste fredsplakaten

Maja Helland Soldal, som er elev ved Strandvik Montessoriskule, stakk av med den lokale sigeren i Lions-klubbane sin årlege teiknekonkurranse.

Premien er ein gåvesjekk på 500 kroner, og vinnaren tok imot prisen 20. desember

Stolt og glad

Sjette- og sjuandeklasse var samla med både rektor og lærarar under prisutdelinga, og gjengen var tydeleg stolt og glad over Maja sin prestasjon. Det er elles fleire flinke kunstnarar i klassen, for i 2014 vann klassevenninna Mira Hannisdal Nilsen same konkurranse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdig vinnar

Mange flotte kunstverk kom inn og vart vurderte av ein lokal jury der Maja vart ein verdig vinnar. Dette er ein verdsomspennande konkurranse i samarbeid med FN og temaet er «Fred». Om lag 200 skular over heile landet deltar, og beste teikning frå Noreg vert sendt vidare til verds-konkurransen. I år var det ei jente frå Sørumsand som vann den nasjonale konkurransen.

Omvendt julekalender

Elevane i sjette og sjuande har i år ein såkalla «Omvendt julekalender», så dei har gjennom desember blitt godt kjende med det å drive hjelpearbeid. Det er SOS barnebyer som står bak denne kalenderen, der ideen er å gi i staden for å få. Bak kvar luke ligg ein filmsnutt med tilhøyrande spørsmål frå ulike fag, vel tilrettelagt for undervisning og læring.

"Premien" er å gjere ein jobb på fritida, og lønna vert sendt inn til denne organisasjonen for å gi eit barn ein trygg heim til jul.

Sjette- og sjuandeklasse ved Strandvik Montessoriskule er stolte av vinnaren sin.
Sjette- og sjuandeklasse ved Strandvik Montessoriskule er stolte av vinnaren sin.
Einar Martinsen frå Lionsklubben i Fusa fekk æra av å dele ut prisen for årets flottaste fredsplakat i Fusa til Maja Helland Soldal.
Einar Martinsen frå Lionsklubben i Fusa fekk æra av å dele ut prisen for årets flottaste fredsplakat i Fusa til Maja Helland Soldal.
Bodskap om FRED
Bodskap om FRED

Elevane lytta difor nøye då Einar Martinsen frå Lions-klubben i Fusa fortalde litt om deira arbeid. Martinsen har nett vore i Litauen med både mat, klede og julegåver som han sjølv fekk vera med ut i felt og gi til dei som verkeleg treng ei handsrekking.

Synnøve Lien

Fusa Lions