Éin representant i manko
Kommunestyrerepresentantane frå Sp, H og den uavhengige gjorde sitt for å hindra at skulane på Holdhus og i Strandvik skulle verta nedlagde, men når alt kom til alt, var partia framleis éin i manko.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ei endring bør alltid vera til det betre. For oss som politikarar må det vera tydeleg at endringane vi gjer i skulestrukturen resulterer i framsteg for Fusa, sa Aud-May Boge (H).
Høgre-politikaren meinte at skulestruktursaka hadde gjort born og vaksne i kommunen utrygge, stikk i strid med rådmannen sitt eige budsjettnotat, der eitt av satsingsområda er tryggleik og trivnad.
- Argumenta for å bevara småskulane er betydeleg fleire enn det motsette. Det er viktig at vi ikkje gjer val som svekkar økonomien framfor å styrkja han. Låser vi døra i Strandvik til dømes vil dei tilsette i barnehagen stå utan kontor, garderobe med meir. Kvifor er ikkje tiltaka som må gjerast kostnadsrekna og synleggjort for politikarane? Svarar det seg verkeleg å investera i skulebygg når vi har nok bygg i dag, undra Boge.
Også Svein Lang (Sp) tok føre seg det økonomiske aspektet ved saka. I investeringsprogrammet til rådmannen for 2016-2019 er det sett av til saman 122,5 mill. kroner til rehabilitering og utviding av skular. Kostnadene ved å betena lånet vert dermed fleire millionar kroner.
- Eg vil minna posisjonspartia om at de gjekk til val på å betra økonomien til Fusa. Eg kan ikkje sjå at det skjer med visjonane til Ap, Frp, KrF og V om eit "Campus Fusa", sa Lang.
Vidare hevda Sp-politikaren at ingen kommunar i Noreg kan dokumentera at ein sparar pengar på å leggja ned skular.
- Det som derimot skjer er at nedlegginga endrar kommunen si investeringstrong. Det ser ein tydeleg av rådmannen sitt budsjettnotat, sa han.
- Dominoeffekt
Hans Ekeberg (Ap) fokuserte på nokre nøkkelsetningar som han meinte var sentrale, då han la fram posisjonen sitt framlegg til vedtak. "For lite pengar til å driva Fusa i åra som kjem", "For få skuleborn i Fusa til å driva sju barneskular", "Fylkesmannen bed Fusa ta grep", las han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje berre utdanningssektoren som må tola nedskjeringar, men konsekvensane av dei andre nedskjeringane høyrer ein ikkje så mykje om, understreka Ekeberg.
- Arbeidarpartiet var tydeleg på at ein ønskte å redusera talet på barneskular i valkampen. Det skåra partiet stort på. Talet på mandat i kommunestyret er dobla. Det er tydeleg at det er mange som ønskjer det same som oss i Fusa, sa han.
Bjarte Samnøy (KrF) fortalte at motivasjonen hans for å gå inn i politikken, var at han år ut og år inn hadde høyrt politikarar fortelja om at dei vil gjera noko med skulestrukturen i kommunen.
- Kvar gong er det nokon som bakkar ut. Målet mitt var difor å vera tøff nok sjølv om eg syntest det var vanskeleg. Eg angrar litt på det no. Eg ser at det er mange som vert såra, sa han og la til:
- Eg er likevel overtydd om at kvaliteten i skuleverket vert betre med større einingar, og at det er pengar å spara på å utnytta ressursane betre, sa Samnøy.
I tillegg til å leggja ned skulane i Strandvik og på Holdhus frå hausten 2016, vedtok fleirtalskoalisjonen å oppheva Fusa kommune si inndeling i noverande skulekrinsar frå same tid. Mikal Leigland (Sp) meiner det gjer skulekvardagen vanskeleg for alle i Fusa.
- Ingen kan kjenna seg trygge. Det gjeld skulane i Søre Fusa, Nore Fusa og på Fusa. Sjølv om vi reddar skulen på Fusa i dag, ryk han kanskje i morgon. Når først éin skule er nedlagt, så følgjer ofte fleire med. Det er ein dominoeffekt, sa Leigland.
Sp-politikaren syntest det var utruleg at Holdhus, som er den største skulen i Fusa, vert føreslått lagt ned, og at Strandvik, som har hatt størst auke i folketalet dei siste 15 åra, mister skulen sin. Han meinte det var gått politisk prestisje i saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Lat no ikkje det at nokon ønskjer å koma seg opp og fram gå ut over bygdene og borna våre, sa han.
Feil elevgrunnlag?
Leigland nytta også høvet til å gje eit stikk i sida til Magne Djuvik (Frp), som han omtalte som Vinnes friskule sin far.
- Det er di forteneste at det er skule på Vinnes i dag. Lat det ikkje verta di forteneste at det ikkje er skule i nabobygda i framtida, sa Leigland til Frp-politikaren.
Det var fleire av posisjonspolitikarane som fekk gjennomgå i skulesaka. Hans Ekeberg, som er gruppeleiar i Ap, vart skulda for å rå partifellar til ikkje å dra på besøk på Strandvik oppvekstsenter då invitasjonen frå FAU kom i førre veke.
- Oppførselen minner om noko ein vanlegvis ser i land med svært skjøre demokrati, og som ikkje har for vane å lytta til innbyggjarane sine. Eg likar det ikkje, sa Lang.
Lars Erik Dalland (H) bad ordførar Atle Kvåle (Ap) om å konkretisera kva kommunen sparar på å leggja ned skulane på Holdhus og i Strandvik. Det vart òg stilt spørsmålsteikn ved om talmaterialet Agenda Kaupang nyttar i sin rapport, stemmer.
- Rapporten opererer med eit heilt anna elevgrunnlag enn det som er tilfelle. Dei 100 elevane som skulle gått på skule på Fusa og i Strandvik i 2016, er blitt til 94 i rapporten. Er det desse tala posisjonen og rådmannen baserer sine vurderingar på, spurte Jan Birger Landøy (Sp).
- I budsjettet er det teke høgde for 106 elevar, noko som fører til at vi får ein seksdelt skule. Men elevtalet vil alltid vera i rørsle. Kor mange som faktisk kjem til å gå på skulen, gjenstår å sjå, svara rådmann Berit Fløisand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles viste rådmannen til effektiviseringsvinstar i heile organisasjonen som følgje av nedlegginga.
- Vi er ein tungdriven organisasjon. Det er ikkje berre på skulesida vi sparar pengar, påpeika ho.
- Som ordførar forheld eg meg til rådmannen. Svara ligg i budsjettnotatet, sa Kvåle.
- Privatskule neste
Leigland meinte at politikarane burde gje innbyggjarane fred, og leggja saka død. Men trass heftig argumentering, gjekk det som venta i skulesaka. Skulane i Strandvik og på Holdhus vart vedtekne nedlagd med knappast mogleg fleirtal - 11 mot 10 røyster.
Margunn Samnøy (Sp) sa ho var skuffa over posisjonspartia som ikkje ein gang var interesserte i å diskutera, medan ordførar Atle Kvåle takka for ein god debatt.
- Som ordførar har eg ansvar for å få på plass ein berekraftig økonomi i Fusa. Å leggja ned skular er sjølvsagt krevjande, men det var her vi måtte starta. Kommunen treng nok både dette året og det neste for å koma oss over kanten, seier Kvåle etter at møtet er over.
FAU-leiar ved Strandvik oppvekstsenter, Tone Andreassen Vik, meiner på sin side at avgjerda er ein siger for demokratiet. Ironisk sett.
- Kvar gjer de no?
Artikkelen held fram under annonsen.
- No vert det privatskule, seier Vik.