Rektor Anne Fristad (t.v) måtte senda elevane heim tysdag morgon.
Rektor Anne Fristad (t.v) måtte senda elevane heim tysdag morgon.

Stengde vasskranar, stengd skule

- Me hadde ikkje noko val. Utan vatn kan me ikkje ha open skule, seier rektor ved Nore Neset ungdomsskule, Anne Fristad.

Dei tok det delvis med galgenhumor, administrasjonen og dei andre tilsette ved Nore Neset ungdomsskule. Visst var det ein kjedeleg start på dagen, men det var ikkje anna enn å ta affære: Senda elevane heim.

- Inntil feilen som førte til lekkasjen er fiksa, og resten av vass-anlegget er fiksa, må vatnet vera stengd. Då kan me heller ikkje ha skule, seier rektor Fristad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så lang dag for lærarane trudde ho heller ikkje det vart.

- Me må jo på toalettet ein gong me også, humra rektoren.

Vekt på natta

Vaktmeister Leif Ivar Sunde hadde vore på plass sidan nattestid.

Vaktmeister Leif Ivar Sunde vart vekt klokka halv fire natt til tysdag. Han hjelpte til med å flytta møblar og anna som stod i vatn medan brannvesenet pumpa ut vatnet frå aulaen.
Vaktmeister Leif Ivar Sunde vart vekt klokka halv fire natt til tysdag. Han hjelpte til med å flytta møblar og anna som stod i vatn medan brannvesenet pumpa ut vatnet frå aulaen.
Det var tomt i aulaen tysdag morgon. Berre nokre lærarar sat att medan elevane var sendt heim att.
Det var tomt i aulaen tysdag morgon. Berre nokre lærarar sat att medan elevane var sendt heim att.
Her er røret som var knekt og var årsaka til lekkasjen.
Her er røret som var knekt og var årsaka til lekkasjen.

- Eg vart vekt av brannvesenet i halv fire-tida. Dei hadde fått alarm om lekkasjen og var alt i ferd med å pumpa bort vatnet frå aulaen og kontorromma like ved, forklarar Sunde.

Han hjelpte deretter med å flytta møbler og andre rekvisita bort frå dei store dammane.

- Det var ikkje "innsjø" her, men det var rimeleg store dammar over alt. Heldigvis var brannfolka raske på labben og fekk pumpa det ut hovuddøra ganske snart, fortel Sunde.

Dersom alt går som skulens leiing håpar, vert det vanleg skuledag igjen i morgon onsdag.

- Me skal få lokalisert problemet og fiksa det. Det blir nok skule i morgon, sa rektor Fristad.