Lærar Magnus Bertil Milde viser Victoria Orrebakken, Alexander Sulen, Steffen Taraldsen og Christer Hjelle rundt på dreie-verkstaden på TIP-linja ved Os vidaregåande skule
Lærar Magnus Bertil Milde viser Victoria Orrebakken, Alexander Sulen, Steffen Taraldsen og Christer Hjelle rundt på dreie-verkstaden på TIP-linja ved Os vidaregåande skule

TIP eit godt tips

Med høve for å ta fagbrev i heile 63 yrke, kan TIP-linja ved Os vidaregåande skule vera eit smart val.

Innan tysdag 1. mars skal avgangselevane ved ungdomsskulane i Os og Fusa ha sendt søknadene sine på kva skular og linjer dei vil gå på til hausten.

Dei siste vekene har mange 10.-klassingar i Os og Fusa fått omsyning på Os vidaregåande skule. Måndag fekk «Os og Fusaposten» vera med og høyra litt om den såkalla TIP-linja, altså linja for Teknikk og industriell produksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uante moglegheiter

- TIP-linja gjev uante moglegheiter for vidare veg ut i yrkeslivet. Faktisk kan ein få fagbrev innan så mange som 63 yrke. Det er ganske så fantastisk, seier lærar ved TIP-linja, Magnus Bertil Milde.

På runden vår på måndag hadde han med seg fire 10. klassingar frå Os ungdomsskule. Felles for Victoria Orrebakken, Christer Hjelle, Alexander Sulen og Steffen Taraldsen er at dei ønskjer seg inn i handtverkar-verda snarast.

- Eg er lei av vanlege skulefag og teori. Frå hausten av vil eg gjera halda på med praktiske ting, seier Christer Hjelle.

Frode Wold er ein av lærarane ved bilmekanikar-linja.
Frode Wold er ein av lærarane ved bilmekanikar-linja.
Victoria Orrebakken vurderer å ta TIP-linja og gå vidare på kjemiske prosessar. Lærar Magnus Bertil Milde trur det er gode utsikter for jobb innan det yrket.
Victoria Orrebakken vurderer å ta TIP-linja og gå vidare på kjemiske prosessar. Lærar Magnus Bertil Milde trur det er gode utsikter for jobb innan det yrket.

Victoria har til og med tenkt på kvar ho skal vidare etter VG1.

- Eg trur eg vil gå på Kjemiprosess. Det synest eg høyrest spennande ut, seier ho.

- Ja, tenk berre på arbeidet med OHARA-prosjektet på Moberg. Der må dei ha tilsette som kan det med å rensa ut bakterie-floraen, seier Milde.

Må vera taktisk

Lærar Milde er klar på at dei som vel TIP bør tenkja litt på kvar dei skal vidare etter VG1.

- Dette vil me sjølvsagt hjelpa til med, men det skadar ikkje å lesa seg litt opp, eller å googla litt om dei ulike yrka på nettet. Det skadar heller ikkje å vera litt taktisk kloke. Ettersom oljebransjen for tida er litt usikker, kan det vera lurt å velja yrke der det vil vera behov for rekruttering uavhengig av oljebransjen, seier Milde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nemner vegutbygging som døme.

- Det er mykje som tilseier at vegutbygginga vil vera omfattande på Vestlandet dei neste 20 år. I så måte er industrimekanikar, anleggsmaskinreperatør, industrirørleggjar og slike fag truleg sikker veg til jobb, meiner Milde.

Også kreative yrke

TIP-linja gjev også moglegheiter for å finna vegen ut i meir kunstnariske og kreative fag.

Etter TIP VG1 finst 18 ulike linjeval. Vidare finst det altså moglegheiter for å ta 63 ulike fagbrev.

- Ein kan få fagbrev i design og gullsmedhandverk, design og trearbeid, møbeldesign, ur og instrumentmakar og mykje anna.

Alexander Sulen og Christer Hjelle vil ut på sjøen. Christer vurderer Naturbruk-linja på Austevoll.

- Eg er usikker, men eg trur det vil passa best når eg vil bli fiskar, seier Christer.

Alexander vil på supplybåt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då vil nok Maritim-linja her på TIP passa deg perfekt, skyt lærar Milde inn.

Steffen Taraldsen er usikker på om TIP er det rette.

- Det kan vera eg heller vel Bygg og anlegg, seier han.

Mykje praktisk

Felles for mange som vel TIP-linja er at dei er mette på teori og ark og blyant. Lærar Milde lovar dei mindre av dette.

- Me må sjølvsagt ha ein del teori, men mykje av denne biten tek me i verkstaden. Elles er har me 3,5 dagar i veka med praksis. De får læra om produksjonsplanlegging og produksjonsprosesser. Om maskiner, køyrety og produksjonsutstyr. Om kjemiske prosesser og kjemiteknikk og om helse, miljø og tryggleik. For ungdom som vil gjera noko med hendene, er denne linja eit godt val, konkluderer lærar Milde.