Stor skule = god skule?
Artikkelen "Ein skule er ikkje eit samfunnshus" har blitt heftig diskutert. - Sjå berre til Samnanger, der har det ikkje blitt noko betre av samanslåinga, tvert om, meiner Lin Cathrin Brunborg Anthun.
Lærar Maria Lister Midtrød gjekk i nemnde artikkel ut med sitt syn på skulestrukturen i Fusa. Ho meiner elevane ikkje får den undervisninga dei har krav på grunna knappe budsjett og at systemet rundt ikkje fungerer. Konklusjonen hennar er større einingar.
Manglande dokumentasjon
Lin Cathrin Brunborg Anthun er leiar for FAU og SU ved Nore Fusa skule. Ho er til dagleg lektor ved Os gymnas.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg er ikkje samd med påstandane frå Lister Midtrød, og dei kan ikkje dokumenterast, meiner Brunborg Anthun.
Gymnaslæraren meiner vidare at Lister Midtrød står for det ho oppfattar er ønskjeleg frå administrasjonen.
- Kva med dei lærarane som meiner noko anna enn administrasjonen - får dei ytra seg i same ordelag som Lister Midtrød? Eg tenkjer her både i «Os og Fusaposten» og elles i det offentlege rom, seier Brunborg Anthun og held fram:
- Dette med at lærarane gjer meir enn dei får betalt for, er noko som gjeld over heile Noreg, og som lærarorganisasjonane jobbar for å få ein slutt på. Dette er ikkje noko spesifikt for Fusa kommune.
Endå mindre attraktiv
Lin Cathrin Brunborg Anthun meiner det heller ikkje er gitt at ein får større ressursar om skulane blir større.
- Sjå berre til Samnanger, der har det ikkje blitt noko betre, tvert om. Ein kan også sjå til Osterøy og dei problema dei strir med etter skulenedleggingane og innsparingane som vart gjort. Sentralisering handlar om å mista ting, ikkje få. Jobbmarknaden i Fusa er avgrensa, difor er ein avhengig av pendling. Om skular blir lagt ned, vil Fusa bli endå mindre attraktiv stad for folk som vil etablera seg, seier Brunborg Anthun.
Ordføraren stør Lister Midtrød
Ordførar Hans S. Vindenes (Sp) er ein av dei som stør synspunkta til Maria Lister Midtrød og meiner fleire av argumenta hennar er viktige å ta med i skuledebatten.
- I Fusa har me til no hatt ein god skule, men strikken er strekt langt. Her må me ta grep. Skal me kunne oppretthalda kvaliteten me har i dag, må me tilføra vesentlege midlar. Eg ser ikkje heilt kor ein skal henta pengane ifrå, seier Vindenes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nytt betre enn lapping
- Nokre hevdar at det er minimalt å tena på skulesamanslåing. Kva meiner du?
- Det er på kort sikt. Både skulen i Eikelandsosen og på Holdhus trengst det å gjera noko med innan kort tid. Då er det betre å satsa på ein ny felles skule i staden for å lappa på to gamle. Det er under 30 elevar som skal byrja på dei sju barneskulane. Det fortel litt om at me ikkje får dei store klassane framover, meiner han.
Strikk
I ovannemnde artikkel ville ikkje Lister Midtrød utan vidare oppmoda nokon om å bli lærar i Fusa.
- Det får stå for hennar rekning. Eg veit at lærarane og dei i systemet rundt gjer meir enn påkravd for å få hjula til å gå rundt. Strikken er strekt for langt over heile linja, meiner ordføraren.
Den noverande ordføraren er usamd med sitt eige parti, Sp, i skulestruktursaka.
- Eg har alltid støtta grenda- skulane og meiner at skule er viktig for nærmiljøet. Men dersom bygdeutvikling blir viktigare enn kvaliteten i skulen, så må ein stilla seg spørsmålet om kva som er rett, seier Vindenes.
Friskt innlegg
Vindenes sin partikollega og potensielle arvtakar, ordførarkandidat Svein Lang, har eit anna syn på saka. Han hoppa i stolen då han såg artikkelen som han synst kunne vore redigert ned til det halve.
- Eg forsvarer hennar rett til å meina det ho gjer, det er eit friskt innlegg i debatten. Men i kraft av å vera lærar i det offentlege synst eg ho går litt vel langt. Ikkje noko av det ho seier stemmer overeins med det som konsulentgruppene har kome fram til, meiner Lang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Representerer berre seg sjølv
Lang understrekar også at fagforeiningane heller ikkje har uttalt seg til støtte for Lister Midtrød sine synspunkt.
- Slik det står no, representerer ho berre seg sjølv. Ytringane hennar manglar den allmenngjeringa som det er trong for, og kan ikkje vera grunnlag for noko som helst, meiner Lang og held fram:
- Skulen er ein av fleire komponentar som er limet i ei bygd. Ein må også ha med seg at det er to krinsar som har fått løyve til å starte opp privatskular. Det arbeidet som blir gjort av dei om står bak må me ha respekt for. Eg konkluderer på same måte som konsulentrapportane med at dette først og sist er eit verdi- spørsmål, meiner Lang.
Ok med 20
Steinar Skår (H) trur det er mykje riktig i det som kom fram i artikkelen, sjølv om han er ueinig i konklusjonen.
- Skulen i Fusa er sveltefora, det må ein vel berre innrømma, seier Skår.
Høgrerepresentanten har inntrykk av at einskilde skular har fått merka dette meir enn andre. Det skulefaglege og pedagogiske som kom fram har han ikkje føresetnad for å imøtegå på nokon måte.
- Mange med meg meiner at så lenge ein ikkje kjem under 20 elevar, så kan det drivast skule på ein forsvarleg måte og dei vil ha tilgang på dei ressursane dei treng. Ein treng ikkje vera ein stor skule for å vera ein god skule, meiner Skår.
Fleire offentleg
Skår håpar skuledebatten framover vil bli konstruktiv.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg seier meg lei for at det er politikarar som går til personangrep med usaklege innlegg. Det må ikkje vera slik at tilsette i kommunen blir kommentert på ein ufin måte, verken av politikarar eller andre. Eg skulle ønskt at fleire ytra seg offentleg - både lærarar og andre, seier Skår.