Slepp draken laus igjen
Drakebåtfestivalen på Osøyro vart ein våt affære for deltakarane for eitt år sidan. Primus motor David Genius uroar seg likevel ikkje over helgas vêrmelding.
- Når vi klarte å gjennomføra festivalen i fjor. Klarar vi å gjennomføra kvar tid som helst. Vi har erfart at det går an å padla i motbakke, seier han og legg til:
- Det er meldt betre vêr i år enn i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laurdag går drakebåtfestivalen "Dragen er løs" av stabelen på Osøyro for andre gang. Oppskrifta er den same. Vêret forhåpentlegvis eit heilt anna.
- Det vert opptog frå grusplassen i sentrum tre kvarter før roinga startar. Deretter vert det kapproing og premieutdeling før festen held fram i teltet og på Solsiden, fortel arrangør David Genius.
Utfordrar Os kommune
Førebels har ti lag meldt seg på i konkurransen. Konferansier vert drakebåtadmiral Rune Nilsen. Målet er å laga ein skikkeleg folkefest i hamna.
- Vi har diverre hatt litt fråfall så det er framleis mogleg å melda seg på, seier Genius, og sender ei ekstra oppmoding til dei som har arbeidsstaden sin på kommunehuset.
- Vi har ikkje høyrt noko frå Os kommune enno, men vi ventar jo at når vi kjem heilt frå Askøy til Os for å laga fest så tek dei tilsette på kommunehuset og politikarane utfordringa og melder seg på.
Tipset hans til dei som skal til pers er å vera samkøyrte. I båtane er det vanlegvis ti roarar og ein som har i oppgåve å tromma takten.
- Det er viktig å jobba saman. Om dei på høgre sida ror hardare enn dei på venstre sida, svingar båten, og det er stor fare for at alle byrjar å kjefta på den stakkars styrmannen, seier Genius.
Ny festival
Arrangøren fortel vidare at i år som i fjor, vert det delt ut pris til laget med dei beste kostyma, laget som er "best in show" og til fiaskolaget. Laget som går til topps i konkurransen kan dessutan smykka seg med vandrepokalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg håper alle stiller med godt humør i hamna på laurdag. Vi lét oss ikkje skremma av at osingane brukar litt tid på å melda seg på. Vi har allereie planlagt at vi skal arrangera drakebåtfestival på Os den siste helga i august til neste år også, fortel Genius.
Og for dei som lurte. Ifølgje yr.no vert det 15 grader og overskya på konkurransedagen. Regnet ser ut til å løya innan klokka 14.