Gina frontar swingkveld
I kveld blir det invitert til swingkveld i Oseana. Framfor Sjøforsvarets musikkorps står Gina Aspenes.
Det er andre året på rad at Oseana inviterer til swingkveld med storband i storsalen på kulturhuset.
Ei slagkraftig utgåve av Sjøforsvarets musikkorps, dirigert av Frank Brodahl, vert motoren i nostalgi-turen til Amerika anno 1930-1940-talet. Os Swingklubb stiller som i fjor og byr på framsyning og drahjelp for dei blant publikum som sjølv ønskjer å svinga seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje pressemeldinga vil Gina Aspenes & Co mellom anna formidla låtar av Glenn Miller, Billie Holiday, Aretha Franklin, Chaka Kahn og fleire andre artistar frå swingens stordomstid.