Ordførar Terje Søviknes (Frp) meiner det ville ha vore langt meir effektivt å hjelpa flyktningane der dei er.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) meiner det ville ha vore langt meir effektivt å hjelpa flyktningane der dei er.

- Dårleg avtale

Trass Stortingets flyktningavtale, ordførar Terje Søviknes (Frp) trur ikkje Os kommune kjem til å ta i mot så mange fleire flyktningar i åra som kjem.

Søviknes meiner, til liks med resten av partiet, at avtalen som fleirtalet på Stortinget vart samde om i går, nemleg at Noreg skal ta i mot 8.000 kvoteflyktningar frå Syria på tre år, er dårleg.

Ordføraren er overtydd om at pengane kunne vore nytta betre i nærområda til det krigsråka landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hadde vi konsentrert hjelpa til nærområda, kunne vi ha hjelpt langt fleire, seier han.

Søviknes meiner diskusjonen kring kor mange flyktningar Noreg skal ta i mot i 2015, 2016 og 2017, har vore forunderleg. Han hevdar at auka er "moderat", samanlikna med det ein såg føre seg i utgangspunktet.

- Frå før har ein sagt ja til å ta i mot 1.500 kvoteflyktningar i året. No vert det 3.500 fleire på tre år. Det er mykje mindre enn fleire av partia gjekk inn for tidlegare, seier Frp-politikaren.

15 i året

Politikarane i Os hadde nyleg ein diskusjon om kor mange flyktningar kommunen skal ta i mot årleg. Resultatet av diskusjonen var at kommunen auka talet frå 10 til 15.

Då barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne oppmoda samtlege av landets 428 kommunar til dugnad for å busetja flest mogleg av dei 5.000 flytningane som framleis sit i mottak og ventar på ein heimkommune, var det det svaret ho fekk.

- Vi landa på 15 for inneverande år, så får vi heller ta ein ny diskusjon i budsjettforhandlingane til hausten i forhold til kor mange vi skal busetja i 2016 og 2017, seier Søviknes.

Noko stor endring ser ordføraren uansett ikkje føre seg.

- Dette har samanheng med bustadsituasjonen i kommunen, og høvet til å sikra ei god integrering av dei flyktningane som kjem, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

På sikt trur Søviknes òg at det kan verta utfordrande å skaffa arbeid til flyktningane.

Stor semje

Det var stor semje om avtalen som fekk fleirtal i Stortinget i går. Frp og SV var dei einaste partia som stemte mot.

Frp ønskte å redusera talet på flyktningar, medan SV ville at Noreg skulle ta i mot fleire, nærare bestemt 10.000 flyktningar på to år.

Avtalen inneber òg at Noreg aukar bevillingane til hjelpearbeidet i nærområda kring Syria. I 2015 er summen ein brukar 1,25 milliardar kroner, i 2016 vert summen auka til 1,5 milliardar kroner.