Jublar for millionløyving
- Eit svært etterlengta tiltak, seier avdelingsleiar for TIP, anlegg og byggfag, Lasse Svellingen, om millionløyvinga frå Hordaland fylkeskommune til ny sveiseverkstad på Os vidaregåande skule.
For kort tid sidan gjekk opplærings- og helseutvalet på Hordaland fylkeskommune samrøysted inn for å løyva 26 millionar kroner til bygging av ny sveise- og hydraulikkverkstad på Os vidaregåande skule. Løyvinga inneber også at den eksisterande maskinverkstaden vert bygt om.
- Dette er veldig bra for skulen. Vi får modernisert og løfta opp sveiseverkstaden til dagens krav, og kan drifta han på ein trygg og sikker måte både i forhold til elevar og lærarar, seier Svellingen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Endringa får ikkje berre konsekvensar for opplæringa på TIP VG1. Dei som har ansvaret for at maskinene til Anleggsteknikk VG2 er i orden, vil også nyta godt av ombygginga.
- Heile ti klassar dreg nytte av tiltaket, fortel Svellingen.
Han karakteriserer tiltaket som svært etterlengta.
- Vi er veldig nøgde med at vi vart høyrte i denne saka, seier han.
Assisterande rektor, Audhild Tveiterås, er også svært glad for millionløyvinga.
- Oppgraderinga er utruleg viktig for oss. Til no har vi hatt sveiseverksted kombinert med hovudverksted, og det har ikkje fungert bra nok. No får vi eit eige rom til sveisinga med avsug etter dagens standard, og som er i henhald til krava innanfor HMS, seier Tveiterås.
Den nye sveiseverkstaden vert del av ei større utbygging på skulen.
- Utbygginga vert ei stor forbetring for skulen, seier Tveiterås.