- No gir vi Statens vegvesen klare signal om at i arbeidet med neste Nasjonal transportplan (NTP) skal E134 leggjast til grunn som éin trasé, sa Ketil Solvik-Olsen på ein pressekonferanse i føremiddag.
- No gir vi Statens vegvesen klare signal om at i arbeidet med neste Nasjonal transportplan (NTP) skal E134 leggjast til grunn som éin trasé, sa Ketil Solvik-Olsen på ein pressekonferanse i føremiddag.

Går for E134 over Haukeli

E134 over Haukeli vert ny hovudveg mellom Vestlandet og Austlandet. - Ein gledens dag, seier ordførar i Fusa, Atle Kvåle.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen informerte om valet av trasé på ein pressekonferanse i føremiddag.

- Gode transportårer binder landet saman. Regjeringa har påpeika behovet for å utvikla to ruter som vesentleg reduserer reisetida mellom Austlandet og Vestlandet. No gir vi Statens vegvesen klare signal om at i arbeidet med neste Nasjonal transportplan (NTP) skal E134 leggjast til grunn som éin trasé. Ei grundigare utgreiing av alternativa Rv7 og Rv52 skal gje beslutningsgrunnlag for val av trasé mellom Oslo og Bergen, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på pressekonferansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svært nøgd

Ordførar Atle Kvåle har site i styret for Haukelivegen AS dei fire siste åra. Han er svært nøgd med at arbeidet har gjeve resultat.

- Dette har me jobba intenst og målretta for lenge, og me er svært nøgde med at statsråden peikar på E134 som ein hovudtrasé mellom aust og vest, kommenterer Kvåle, som representerer Hordaland fylkeskommune i Haukelivegen AS.

Han legg til at arbeidet med den såkalla Hordalandsdiagonalen no vert endå viktigare.

Les også:Gode nyhende for Fusa Næringslivslag

Kortare reisetid

Solvik-Olsen kommenterte i føremiddag at denne saka handlar om å velja nokre trasear kor ein skal redusera reisetida, "slik at desse blir naturlege ruter for hovuddelen av trafikken mellom Austlandet og Vestlandet".

- Dersom vi får kanalisert tungtransporten inn på nokre utvalde ruter, vil det også gje auka trafikktryggleik og betre køyreopplevingar på dei vegstrekningane som får redusert tungtransport, sa Solvik-Olsen.

Han understreka samstundes at regjeringas avgjerd ikkje betyr at nokre vegar vert gløymde.

- Alle vegane har viktige funksjonar lokalt og regionalt. Trafikktryggleik, rassikring og generelt vedlikehald vil framleis vera viktig på alle vegstrekningar, og regjeringas vedlikehaldsløft skal bidra til at alle vegstrekningane over tid held ein god standard, sa Solvik-Olsen og heldt fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men når vi skal investera i tiltak for å vesentleg redusera reisetid mellom landsdelane samt betra reisekvardagen for tungtransporten, må vi velja kor vi investerer knappe ressursar. Vi oppnår ikkje samfunnsmessige gevinstar dersom vi spreier investeringsmidlane tynt utover.