- Etterforskar breitt
Fusa lensmannskontor har fått inn nokre tips i gravskjendingssaka ved Holdhus gamle kyrkje, men er framleis interessert i å koma i kontakt med folk som var i området i helga.
Det opplyser fungerande lensmann, Ove Ivarhus, tysdag ettermiddag.
Mellom laurdag kveld og sundag ettermiddag vart 15 gravminne vandaliserte på kyrkjegarden utanfor Holdhus gamle kyrkje i Hålansdal. Politiet i Fusa vart varsla om ugjerninga sundag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet kan førebels ikkje gå ut med fleire opplysningar i saka.
- Det er ingen nye opplysningar i saka i dag. Saka er under prioritert etterforsking, og vi etterforskar breitt, seier Ivarhus.
Lensmannen fortel at politiet har fått inn nokre tips, og at dei framleis er interesserte i å koma i kontakt med folk som har vore i området i det aktuelle tidsrommet.
- Vi er også interesserte i generelle tips i saka, understrekar Ivarhus.