Jenny Bjarnedatter Vangsnes, Martin E. Søreide, Alve Lothe Måge, Jokubas Butzimavicius, Eline Egge Søviknes, Tiril Havsgård Skoglund, Patryk Aamow og Aleksandra Fjæreide. Framme frå venstre: Jonas Svarthumle, Malin Høiberg Kittelsen, Kasper Dyngeland Ognøy, Sølve Thommassen Skorpen, Åsne Skoglund Underhaug, Trym Djuvik og Daniel Alexander Dyke.

«J» for Juleklare førsteklassingar

Samtlege førsteklassingar på Kuventræ har no lært bokstaven J. Gjett kva ord dei kan bruka bokstaven til?

I gulebygget på Kuventræ er det to førsteklassar denne hausten. I A-klassen er det 23 elevar, i B-klassen 22. Begge klassane er godt i gang med juleførebuingane.

- Me hadde juleframsyning for foreldra i går. Då viste me eit stykke om Josef, Maria og Jesus-barnet. I tillegg framførte elevane fleire songar, fortel klassestyrar Mailin Segelvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før eg anar ordet av det får eg eit herleg døme på kor gode 1B-gjengen er til å syngja. Julemorgen-songen frå NRK fjernsyn sit som eit skot, B-klassen syng fleire vers.

Blant fleire faste jule-innslag har B-klassen to kalendrar. Ein vanleg, og ein omvendt.

- Sjå her. Her er pengar me samlar inn til SOS Barnebyar. Pengane får elevane for små-jobbar som dei tek heime, fortel lærar Mailin.

Per Magnar J. Åsheim, Håvard S. Toft, Mateo Heilund, Erling L. Bertheussen, Amanda R. Hjellvoll, Marius M. Karlsen, Mathias Kripaitis-Helland og Pia E. Fitje. Framme frå venstre: Pia Hindenes, Marene Austgulen, Marius Økland, Vilde G. Sunde, Steinunn J. Jonsdottir, Kim Lenny Goitowski og Sverre Bjerkvig.

Klare for framsyning

I klasse 1A har dei foreldre-kvelden framfor seg. Det er faktisk denne kvelden (torsdag) at elevane skal underhalda dei vaksne.

- Me skal visa eit stykke som er kalla «Skinnvotten», og eg skal vera forteljar, seier Jenny.

- I tillegg skal me ha kafé, legg Aleksandra til.

- Ja, og me skal syngja minst fem julesongar, seier Jakub.

- Kva har de elles lært i år, då?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei har lært 11 bokstavar. Du ser kva bokstav dei har lært i dag, seier klassestyrar Ingunn Mjøs og peikar på overhead-plansjen bak seg.

Bokstaven J lysar mot meg. Ved sida av står eit juletre.

- Kva kan de bruka J-bokstaven til å seia?

- Me kan seia Jokubas, seier Jokubas.

- Eller Jonas, seier Jonas.

- Eller jul, seier Jenny.

- Jul, ja. Og det er noko de gleder dykk til?

- Jaaaaa...

Artikkelen held fram under annonsen.

- J for Ja og Jul. For ein herleg bokstav!

- Ja.