Den nye brua er på plass
Fire frivillige arbeidde to dagar, og vips, så var ei ny bru på plass.
For eit par veker sidan omtala me den gamle brua på Søfteland, som turgåararkryssa med hjarta i halsen. Kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen var raskt ute med ei melding om atkultureininga var på saka, og at brua skulle fiksast.
Brukte berre to dagar
Det gjekk ikkje mange dagar før «Os og Fusaposten» fekk ei melding får ein turgåar om at arbeidet var i gang. No er dei ferdige.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me brukte to dagar, fortel grunneigar Bjørn Bergstø, som stod for arbeidet saman med tre andre frivillige.
Onsdag er det "offisiell opning" av brua.
- Korleis har responsen frå turgåarane vore?
- Eg har ikkje snakka med så mange, men dei eg har treft synest at dette er veldig kjekt, seier Bergstø.
«Os og Fusaposten» beklagar at me har omtala brua som gamlebrua. Me har fått opplyst at det korrekte namnet er Bergstøbrua.