Madelen Koldal Holme har hatt stor utvikling i Gneist. I fjor sommar var ho med å ta bronse i Dana Cup. (Privat foto)
Madelen Koldal Holme har hatt stor utvikling i Gneist. I fjor sommar var ho med å ta bronse i Dana Cup. (Privat foto)

Ambisiøst fotballtalent frå Drange

Åtte år gamal skreiv ho til Gud og ba om hjelp til å bli landslagsspelar. Seks år etter er Madelen Koldal Holme på god veg mot målet.

Lysefjord-jenta Madelen Koldal Holme gjer store framsteg som fotballspelar. Til dagen trenar ho med tre lag i sin nye klubb Gneist IL, og nyleg vart ho teke ut til samling med landsdelslaget til jenter 2002.

God utviklingsarena

Den talentfulle midtbanespelaren frå Drange starta karrieren i Lysekloster IL. Sidan hospiterte ho litt i Os Turn, før ho i fjor vinter gjekk til Fana-klubben Gneist.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var eit godt val å gå til Gneist. Dette er ein klubb som har gode tradisjonar for å leggja til rette for jente- og damefotball. Dessutan har dei gode trenarar, seier Madelen.

Frå ho kom til klubben har ho verkeleg følt at dei har gjort alt dei har kunne for å matcha ho godt.

- Eg trenar både med damelaget, jenter 17-laget, NM-19 og NM-16-laget. Dessverre er eg eitt år for ung til å få spela med for damelaget. Men det at eg får trena med dei er veldig inspirerande, seier den lyshåra ungjenta.

Madelen i fint driv mot eit svensk lag under Dana Cup i 2015. (Privat foto)
Madelen i fint driv mot eit svensk lag under Dana Cup i 2015. (Privat foto)
Madelen utmerkte seg også for Nore Neset ungdomsskule under skulecupen i fotball i fjor haust.
Madelen utmerkte seg også for Nore Neset ungdomsskule under skulecupen i fotball i fjor haust.

Gode trenarar

Ho skryt av damelags-trenarane Ingolf Stenevik, Stig Blindheim og Elisabeth Flesland.

- Dei har verkeleg matcha meg godt no i vinter. Dei pusher meg skikkeleg. Det liker eg, for eg vil bli så god som overhovudet mogleg, seier Madelen.

Ho skulle gjerne spelt damefotball alt no, men reglane tillet ikkje det for ein 14-åring.

- Dersom eg spelar damefotball og blir skikkeleg skadd får ingenting igjen på forsikringa. Det er ein sjanse eg ikkje kan ta, konstaterer Madelen.

Men også på dei andre laga har lysefjordingen gode trenarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er fantastiske trenarar og støtteapparat på alle laga. Me føler verkeleg me vert godt følgd opp, seier ho.

På jenter 19-laget og damelaget trenar ho med to osingar til.

- Emilie Askvik Bøe og Anne Fjellstad spelar begge for Gneist. Dei også gjer det bra, seier Madelen.

På heimebane får ho hjelp av storebror Sander.

- Han har verkeleg teke seg tid til å jobba med meg. Me har eigne treningar på Lysekloster når det passar seg sånn. Spesielt har han vore flink til å gjera meg medviten på det å vera sterk i kroppen. Der har eg hatt bra framgang, seier 14-åringen.

Store ambisjonar

For litt sidan skreiv «Os og Fusaposten» om Os-spelar Ole Martin Kolskogen som var klar for landsdelssamling i Trondheim. Denne turen skal Madelen også få vera med på.

- Me er vel i overkant av 20 spelarar frå 2002-generasjonen, men så vidt eg veit er eg den einaste frå Hordaland, seier ho.

Men heilt utan kjente vert det ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er eit par 2001-spelarar frå laget mitt som også skal opp. Eg kjem nok til å hengja litt med dei utanom treningane, seier ho.

På landsdelslagssamlinga vert det både treningar og internkampar. Opphaldet varar i fem dagar, og er ein del av Norges Fotballforbund sin kartlegging av unge talent.

- Dette vert ditt første møte med landslagsfotballen, vert det fleire?

- Å ja, draumen er å nå Toppserien med Arna-Bjørnar eller Sandviken. Deretter er målet å nå så langt som mogleg. Landslaget er sjølvsagt også ein draum, seier Madelen bestemt.

- Så vegen er staka ut?

- Ja, dette er noko eg har ville sidan eg var liten. Eg skreiv faktisk brev til Gud og ba om hjelp til å nå desse måla alt då eg var åtte, ler Madelen.

Realistiske mål

Trenarane i Gneist synest ikkje Madelen har sett seg for høge mål.

- Det er jo dette som er litt typisk Madelen. Ho sett seg høge mål og når dei. Ho er ein veldig god spelar og eit stort talent, men mest av alt så imponerer ho med å meistra nye og høgare nivå. Når ho spelar med betre spelarar, hevar ho seg sjølv. Det er ein flott eigenskap som vil ta ho langt, seier damelagstrenar i Gneist, Ingolf Stenevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han får støtte jenter 17-lags-trenar Morten Kristensen.

- Ho er ekstremt dedikert til det ho driv med. Ein slike eigenskap vil bringe ho langt innan fotballen. På banen har me late oss imponera av hennar svært gode teknkik og treffsikre venstrefot. Potensialet er enormt stort. Eg trur Madelen kan nå måla sine, ikkje minst fordi ho veit å jobba for dei, lyd spådommen frå trenar Kristensen.