Hysterisk morosam løgndetektortesting
Som polygraf har han medverka på over 30 ulike TV-program. Aldri har Ørjan Hesjedal vore med på noko meir ellevilt enn «Ærlige Norge».
Løgndetektor-testaren frå Os er blitt ein rimeleg etterspurd TV-mann dei siste åra. Eitt av programma me vil sjå han i i 2017 er altså «Ærlige Norge». Humorprogrammet kjem på TV3 i mai.
- Dette var eit artig prosjekt som starta så smått i fjor vinter. Kort fortalt er det ei gruppe unge komikarar som slepp alle hemningar og spør ut meir eller mindre kjente folk om det mest utrulege. På sitt beste er det hysterisk morosamt. Eg er berre spent på kor mykje produsentane tør å ta med på TV, for eg er ikkje sikker på om alt eignar seg så godt over eteren, humrar Hesjedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Full pakke
Komikarane fekk høve til å spela inn ein liten nettversjon av serien i fjor vinter. Denne våren vert det full pakke på TV.
Programmet vart spelt inn på Scots Man-restauranten på Karl Johan i Oslo i desember.
- Me hadde ei hektisk og intens veke med innspelingar. Totalt vert det heile til seks program, fortel Hesjedal.
Han kan nesten ikkje tru kva komikarane fekk seg til å spørja dei heldige/uheldige i løgndetektor-stolen.
- Får dei verre spørsmål enn det Terje Søviknes fekk under Bryggedansen i vår?
- Hehe, det kan du trygt slå fast. Søviknes fekk jo nærast berre koselege spørsmål. Dette her er heilt klart det mest elleville eg har vore med på. Den unge humoren i dag er rimeleg vågal, slår Hesjedal fast.
Men også svært morosam.
- Stundom var det sånn latter i og rundt settet, at me nett så vidt klarte å gjennomføra kvart enkelt innslag. Folk klarte knapt å ta seg inn att, ler Hesjedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Deltakarane i «Ærlige Norge» sesong 2 er mellom andre stand-up-komikar Joni Josef med kompisar, Dangfart Tønnessen, Galvan Mehdi, Anders Nilsen (Salsa Tequila) og mange andre.
Reklamar og fleire program
I fjor haust hadde Hesjedal også oppdrag for reklamebyrået Trym, der han spelte inn reklamefilm i lag med alpinistane Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud.
- I tillegg var eg med på innspelinga av sesong 2 av TVNorge-programmet «Klovn til kaffen». Denne gong med mellom andre Bård Tufte og Calle Hellevang-Larsen frå «Raske menn». Han er jo skap-osing med hytte på Strøno og familie på Halhjem - hyggeleg kar, seier Hesjedal.
- Det har blitt mange TV-program på deg. Vert det færre og færre vanlege polygraf-oppdrag for private?
- Nei, faktisk ikkje. Totalt tek ikkje TV-oppdraga så mykje tid. Hovudgrunnen til at eg tek desse oppdraga, er at eg ønskjer å synleggjera kva polygraftesting eigentleg er, og korleis det fungerer, seier løgndetektor-testaren frå Os.