Planlegg storbutikk på Nore Neset
I desse dagar startar planarbeidet for 70 nye bueiningar på Nore Neset og ein eigen nærbutikk. Os kommune ber tiltakshavarane tenkja på matjorda og dei truga naturtypane på staden.
Bjørn Døsen, Atle Døsen, og familien Irgens-Hagevik er tiltakshavarane til den private planen som no startar opp. Dei ynskjer å byggja opp til 70 bueiningar, ifølgje planforslaget frå ABO Arkitektur. Det er planlagt for fleirmannsbustader i 2-3 etasjar med garasjeanlegg. 4500 kvm er dessutan sett av til butikk, inkludert plass for 50 bilar og varelevering.
- Sjølve butikken vil bli 1100 kvm stor, altså på storleik med ein av butikkane i Osdalen, som Kiwi eller Rema 1000, seier Paul Henrik Irgens-Hagevik.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette blir eit alternativ til nærbutikken ved Hagavik Heimebakeri?
- Ja, eg tenkjer at den nye butikken ikkje blir ein konkurrent, men eit supplement til den butikken, som jo er ein liten nærbutikk, seier Irgens-Hagevik.
Plasseringa ikkje langt frå Irgenskrysset kan gjera butikken til den føretrekte daglegvarebutikken for både norenesingar og strøningar.
Truga art og jordvern
Men det er fleire moment som må avklarast før prosjektet kan realiserast. Det skal gjennom fleire rundar med politisk handsaming, og Os kommune har alt varsla om fleire tema som må takast opp.
Storparten av det 106 dekar store planområdet er nemleg sett av til Landbruk/Natur/Friluftsføremål (LNF). To bustadhus ligg innanfor området, resten er myr, jordbruksland og skog.
Dette gjev potensiale for konflikt med naturverdiar og truga dyreartar, og konsekvensutgreiinga vil ta dette opp. Særleg ein raudlista art, blomen toppstarr, veks i området kring Irgenstjørna.
Også jordvernet blir ei hovudproblemstilling for planarbeidet.
- Innan planområdet er det fulldyrka jord, skog av særs høg bonitet samt areal med skog, myr og fastmark, heiter det i forslaget til planprogram.
Artikkelen held fram under annonsen.
ABO Plan & Arkitektur føreslår på vegner av tiltakshavarane at ein biolog undersøkjer området, og at landbrukskontoret i lag med grunneigarar tek ein gjennomgang av jordbruksdrifta.
Alternative måtar å nyttiggjera matjorda vil verta vurderte.
Paul Henrik Irgens Hagevik legg til at dei ønskjer å etablera parsellhagar for ein del av husværa, noko som kan gje nytt liv til god matjord.
Ny Dahlsveg eller gravplassar?
Trafikale forhold blir eit anna viktig tema. Avkøyringa frå Strønevegen til Dahlsvegen er ikkje vurdert å vera god nok, og Os kommune har kravd at ei ny løysing for avkøyring til Dahlsvegen blir etablert før utbygging. Butikken vil også skapa trafikkvekst.
Samtidig har kyrkjeverja spelt inn at noko areal bør setjast av til framtidige gravplassar. Frå ABO si side vert det kommentert at behovet for framtidige gravplassar må vurderast opp mot behovet for ny Dahlsveg.
- Den 22. juni inviterer me alle interesserte til orienteringsmøte i Symrasalen på Nore Neset Aktivitetshus. Der vil planane, så langt som dei no er komne, bli presentert, seier Irgens-Hagevik.
Frist for å koma med merknader til oppstarten av planarbeidet er sett til 28. august.