Eit dykk i popmusikken frå ungdomstida
Å få fortida si sett i perspektiv, er ofte interessant. I Os Senioruniversitet måndag heldt Bård Ose føredrag om popmusikken på 60-talet, åra då dei fleste av dei 150 frammøtte var i ungdomsåra.
Innsendt av:
Lill-Karin Wallem
Artikkelen held fram under annonsen.
Os Senioruniversitet
- Eg reknar med at dei fleste av dykk har eit forhold til denne musikken, for det er det ein er oppteken av rundt konfirmasjonsalder som ofte vil prega livet - det gjeld òg musikken, innleia Bård Ose i Oseana.
Både hobby og yrke
Bård Ose - journalist, forfattar og, frå 1998, programleiar av ulike musikkprogram i NRK - var rask med å seia at han no skulle få snakka om det han liker aller best, musikk!
Han var klar på at musikken var både hobby og yrke for han, og at han heilt frå barndomen av hadde nytta musikken til å påverka eiga sinnstemning, enten han hadde bruk for å løfta eller roa seg.
Det vart eit foredrag med mange innslag av musikk. Spennvidda var stor på 60-talet. Denne spennvidda fekk vi mange døme på - frå rytmebasert afrikansk folkemusikk, via smektande balladar og svensk dansemusikk til «Gryta hennar mor»!
Alt høyrde med, og alt vart motteke med opne sinn på 60-talet - og i radioprogram av i dag!
Då Beatles kom til USA
Nokre hendingar vart skjelsetjande for musikken på sekstitalet. Den første var drapet på John F. Kennedy 22.11.1963. "Då slokna uskulda frå 50-talet!" Samstundes var mange av rockestjernene frå femtitalet blitt borte.
Drapet førte til at nokre musikkgrupper gav seg - mismotet vart for stort, medan andre såg at det nett no var viktig å skriva musikk som kunne gje ny von. Grunnleggjarane av The Beach boys var mellom desse. Ein heil generasjon i USA opplevde at det håpet som brått vart teke bort frå dei, kunne dei finna att i musikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter Kennedy døydde, var det 2 månader sørgjetid i USA. I denne tida kom det mange triste plater - og juleplater - på hitlistene i USA.
Men trenden vart snudd tidleg i februar 1964. Då kom Beatles til USA! 72 millionar amerikanarar såg Beatles sitt program. Over natta vart det lov å gleda seg att! Plata deira snudde USA og ho snudde haldningar over heile verda. Musikk har makt! Ungdom over heile verda sto fram med eigne meiningar, påverka av Beatles sin musikk.
Motreaksjonar
Men motreaksjonar kom, også mot Beatles som var velkledde, elegante og godtekne i dei fleste kretsar, sjølv om dei i utgangspunktet var det Ose kalla for "rampegutar". Motpolen deira vart Rolling Stones, som i utgangspunktet var "ordentlege gutar", men stod fram som "rampete" både i utsjånad og gjennom musikken.
Dette førte til feidar mellom fansen av Beatles og Rolling Stones; enten var ein tilhengjar av den eine eller den andre gruppa. Kvar ein hamna handla korkje om kva alder, klasse eller nasjonalitet ein høyrde til.
Norske popgrupper
Kvar var norske popgrupper på denne tida? Det kan synast som om dei ikkje fanst. Ose forklara dette med obligatorisk militærteneste i landet vårt. Dei ungdomane som hadde starta med å spela saman, vart splitta når dei skulle i militæret, og så vart det ikkje meir av musikken (i Storbritannia var obligatorisk militærteneste avskaffa).
Eit unnatak var gruppa Pussycats som kombinerte det friske frå Beatles med rytmar inspirert av Rolling Stones. Dei var framme eit par år, men så hamna også dei i det militære.
Foredragshaldaren peika på stor breidde og variasjon som dei mest interessante trekka ved 60-talsmusikken, i kombinasjon med ein enorm produktivitet. I dag er det gjerne 2-3 år mellom kvar gong ein artist gjev ut plate. På 80-talet gav Michael Jackson ut eit album i desember 82 og det neste 5 år seinare. Til samanlikning gav Beatles ut 9 album på like lang tid, og 13 album i løpet av 8 år!
Uskuld og alvor
60-åra starta med uskuld. I 63-64 kom alvoret og ulike strømmingar. Ungdom vart medvitne om tekstane, medan foreldra høyrde på melodiane og tenkte ofte lite over tekstane. Ose nemnde døme på det siste då han fortalde om mannen som i eit innringingsprogram ønskte yndlingsmusikken sin for å gleda kona på 40-års bryllaupsdagen deira. Musikken var det ikkje noko å seia på, men at teksten var "Slepp meg fri! Eg elskar ei anna!" hadde han kanskje ikkje så stort medvit om!
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er kanskje ikkje åleine om ikkje å høyra på teksten. Foredragshaldaren meinte at ein grunn til at plater som i dag er forbodne i USA, vert spelte i Norge og Sverige, er at vi rett og slett ikkje er medvitne om teksten!
Peace and love
Hippierørsla frå USA er godt kjend frå slutten av 60-talet, kanskje litt rart når ein tenkjer på at perioden dei var mest aktive berre strekte seg over eit godt år. Men haldningane deira - kjærleik, fridom, fred - sette sitt preg på musikken som kom desse åra.
Mykje av musikken i denne tida var politisk prega, ikkje minst i høve til Vietnamkrigen.
Musikken påverka også politiske avgjerder. Ei plate kom til å forandra aldersgrensa for stemmerett i USA. Teksten var "Your're old enough to kill, but not to vote!". Aldersgrensa for stemmerett vart like etter sett ned frå 21 til 18 år, alderen for å bli kalla inn som soldat.
Framføringa av den amerikanske nasjonalsongen på Woodstockfestivalen i 1969 med el-gitar lyd som imiterte bombefly, var - saman med ei gruppe som song firstemt «Finn freden» - med på å fremja nedtrapping av Vietnamkrigen!
Let it be
Beatles vart oppløyst i april 1970. Samstundes kom songen «Let it be» der Paul McCartney syng om kva mor hans, som døydde då han var 14, hadde lært han: "Dersom noko er for tungt å bera, så legg det frå deg og gå vidare. - Let it be!". Songen kan stå som eit symbol på at 60-talet er over.
Vi gjekk ut frå eit inspirerande foredrag med Bård Ose sine avslutningsord i minnet: Spel musikk - høyr musikk - bruk musikken som medisin!
Med denne påminninga i tankane gjekk vi glade til deilig festmåltid i restauranten!