Kva har planlegginga av Bjørnefjordbrua kosta fram til no ? Kor stort budsjett har SVV for planlegginga av Bjørnefjordsbrua ? Som skattebetalar krev eg svar på spørsmåla, skriv Jan Gaassand.
Kva har planlegginga av Bjørnefjordbrua kosta fram til no ? Kor stort budsjett har SVV for planlegginga av Bjørnefjordsbrua ? Som skattebetalar krev eg svar på spørsmåla, skriv Jan Gaassand.

Bjørnefjordsbrua - heng klokkene på dei rette kattane!

Det var Erna Solberg, H og Knut Arild Hareide, KrF, som på ein fergetur under valkampen i 2013 vedtok bygging av Bjørnefjordsbrua. Deretter fekk Statens vegvesen oppdraget med å planleggja brua.

Det har vegvesenet gjord men har tydeleg falle for freistinga til også å delta i det politiske ordskiftet. Dette er ein ukultur som fagetatar bør unngå. Eg er såleis samd med Glenn Haugland, Nils Nøttseter og gruppeleiarane i opposisjonen i deira kritikk.

I haust etterlyste Terje Søviknes meir openheit om bompengar. Eg er heilt samd, men det må også gjelda nye prosjekt som Bjørnefjordsbrua. Eg har desse spørsmåla:

Artikkelen held fram under annonsen.

. Kva må ein på Tysnes betala for ein tur/retur til regionsenteret Osøyro ?

. Kva har planlegginga av Bjørnefjordbrua kosta fram til no ?

. Kor stort budsjett har SVV for planlegginga av Bjørnefjordsbrua ?

Som skattebetalar krev eg svar på spørsmåla.

Sidan 2013 har det kome nye og vesentlige moment som talar for indre lei:

. Samanslåing av Os og Fusa vil krevja ei bru over Fusafjorden.

. Hordaland fylkesting har foreslått å nytta den utbetra E-16 over Filefjell som veg nr. 2 aust-vest. Dette bør frigjera midlar til bygging av Hordalandsdiagonalen frå Odda mot Bergen. Då får ein knytt E-134 og E-39 saman mykje nærare enn å måtta kryssa to bruer.

I ei tid kor inntektene til oljefondet sviktar bør ein kunna byggja etter ein enklare standard.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Sverige har E-4 langs Bottenvika tre-felts veg. Og kvifor desse gigantprosjekta med bruer og undersjøiske tunellar, når det vi mest av alt treng er gul midtlinje på dei vegane vi har?

Jan Gaassand