Spelar seg sjølv i ny Karsten og Petra-film
Turboklubb-general André Marton Pedersen skal spela turentusiast i den nye Karsten og Petra-filmen.
Mandag reiser lysefjordingen til Budapest for å spela rolla som André i Karsten og Petra - Ut på tur.
- André er jo meg. Eg skal spela ein turekspert som kjem inn i ein barnehage og fortel om fjellvettreglane. Det trur eg skal gå heilt fint. Eg skal jo berre snakka om ting eg brenn for.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Å ja, og så ska eg synga fjellvettsongen.
- Så du blir musikalstjerne i tillegg?
- Eg øver instenst på synginga, men eg skal heldigvis ikkje dansa. Om eg ikkje har sunge i kor sidan gymnaset, så syng eg i alle fall for ungane kvar kveld, seier André.
Med tre gutar under ti år, er det stor stas at pappa skal spela i barnefilm.
- Sjølv om det ikkje er noko stor rolle, har eg fått masse tilbakemeldingar frå folk. Det har gått opp for meg at Karsten og Petra-filmane har ei høg stjerne.
Headhunta
André vart headhunta til rollen av ei Facebook-veninne som han spelte teater med i ungdomen. Med bakgrunn frå DNT og Barnas Turlag, var han sjølvskriven i rolla som turentusiast.
Det færre veit, er at han faktisk har filmutdanning frå New York og i ungdomen drøymde om å søkja Teaterhøgskulen.
- Kva lokkar deg mest nett no, kanapear og champagne eller telt og grillpølser?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ha-ha, eg må jo svara kanapear og champagne. Eg får nok raskt smaken på glamourlivet. Eg trur nok eg skal greia å takla kvardagen når eg kjem heim, men eg håpar sjølvsagt eg blir oppdaga internasjonalt, ler han.
Støvsugarstreik
Ei som i alle fall er glad for den nye retninga Andrés liv ser ut til å ta, er sambuaren Line. Ho er nemleg lei av å støvsuga søle i gangen og ein mann som alltid går kledd i Fjällreven.
- Ho har faktisk gått til støvsugarstreik, så ein André i smoking på premierefestar vil nok gi ei sårt tiltrengt stjerne, ler han.