Ivrige "prøve-aspirantar" bles i horna så det gjalla i klasserommet på Eikelandsosen skule.
Ivrige "prøve-aspirantar" bles i horna så det gjalla i klasserommet på Eikelandsosen skule.

Takt og taco

Om du går rundt med messingdraumar, har du no sjansen til å realisera dei. - Meld deg på, oppmodar Tove Hjartnes Fosså i Eikelandsosen skulemusikklag.

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I helga hadde skulemusikken øvingshelg på Eikelandsosen skule. Instruktørane var hyra inn frå Manger musikklag.

- Manger er eit av landets beste musikkorps, så her er det ekspertise, fortalde Hjartnes Fosså som heldt fortet på kjøkenet medan dei fire gruppene dreiv på i klasseromma rundt i bygget.

Dirigenten for skulemusikken Aidan Smith tok seg av aspirant- ane.

- Dette kallar me "aspirant for ein dag". Dei interesserte får prøva instrument, læra litt notar og litt om kva det går i, og så kan dei bestemma seg for om dei vil vera med eller ikkje i etterkant. Då har dei eit betre grunnlag, sa leiar i laget.

I alt var det 12 unge, håpefulle som fekk prøva instrument. Litt seinare denne dagen skulle dei ha ein huskonsert for kvarandre, før det vart bading i Fusa symjehall. Øvingsdagen vart avslutta med taco.

- I fjor hadde me aspirantøving på Holdhus, Fusa og Eikelandsosen skular. Me har ikkje noko tak på kor mange me kan ha med. Alle born og unge frå 3. klasse og oppover er velkomne til å vera med oss. Me har no musikantar frå til saman fire barneskular og seks bygder i kommunen, det er me glade for! Så om nokon fleire har lyst, er det berre å ta kontakt, fortalde Hjartnes Fosså.