Mekk gjer comeback

Berre to år etter at butikken stengde av, er Mekk klar for comeback på AMFI Os.

Butikken runda av i 2014 etter å ha vore der i tre år. No er det klart at Mekk skal inn å fylla lokala som Stadion Sport til no har fylt i andrehøgda av senteret.

Kjekt comback

- Mekk-kjeda er for mange kjent frå før og me veit at mange gler seg til dei no kjem tilbake. Butikken vil opna i Stadion Sport sine lokale 17. november, berre veker etter at Stadion Sport har flytta ut, skriv senterleiar ved AMFI Os, Silje Lygre i ei pressemelding til Os og Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stadion Sport skal som kjent inn i dei gamle lokala til Wallendahl.