Yrkessjåfør dømt til betinga fengsel for promillekøyring
Ein mann i 20-åra frå Os er dømt til 18 dagars betinga fengsel for å ha køyrt ein bil i grøfta i ruspåverka tilstand.
Ulukka fann stad i slutten av februar i år, klokka 3 om natta. Med mykje alkohol innabords køyrde osingen bilen i grøfta på Ulvenflaten.
- Den sikta køyrde bilen i stor fart, kryssa vegen og køyrde ut i grøfta, og vart årsak til ei ulukke med vilje, heiter det frå dommen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen andre vart skadd av det som hende, men retten meinte likevel at det var eit brot på vegtrafikklova paragraf 3. Her finn ein påbodet om å vera generelt forsiktig og ikkje skapa farlege situasjonar i trafikken.
Halvannan time etter ulukka vart alkoholprosenten i blodet målt til 0,64 promille.
Formildande omstende?
Den sikta sin forsvarar viste til at mannen hadde vore gjennom ein opprivande konflikt med si trulova den kvelden, og var kjenslemessig påverka av dette. Han hadde også sørgt for at ingen andre kom til skade ved ulukka. Vidare blei det vist til at mannen har fått psykologhjelp etter ulukka, og at han har bruk for førarkort i jobben. I tillegg tilstod han alt.
Retten usamd
Retten var einig i at det faktum at han tilstod forholdet var formildande, men ikkje i dei øvrige argumenta. I staden blir det vist til at skadane som oppstod på ein lyktestolpe, og ressursane som måtte til ved at både ambulanse og politi måtte rykka ut, tel i skjerpande retning.
Det vart også vist til ein høgsterettsdom der det heiter at "for yrkessjåfører må det stilles særlige krav til aktsomhetsnivået i trafikken".
Dommen
Mannen vart dømt til 18 dagars fengsel med ei prøvetid på to år. Det vil seia at dersom han oppfyller dei øvrige vilkåra i dommen i løpet av desse to åra, blir soninga sett som oppfylt. Mannen fekk også ei bot på 40.000 kroner, og tapte førarretten i eitt år og tre månader.