Startar året med rock
Bebuarar, pårørande og vener av Luranetunet har mykje å gle seg til dei neste månadene. Først ut i det nye året er Valerina Fortes Orkester, som skal ha konsert i kantina fredag om ei veke.
Orkesteret består av Dr. Chr. Lund (vokal), Anders H. Veland (vokal), Johannes D. Maaseide (gitar), Cato R. Eikeland (bass), Gunnar Emmerhoff (gitar) og Roy Inge Holtet (trommer), og skal ifølgje presentasjonen til Den kulturelle spaserstokken framføra "schlägers" frå ungdomstida til "generasjonen som bygde landet".
- Låtane er i hovudsak henta frå skattkista til Kurt Foss og Reidar Bøe, også kjent som Radiofantomene, går det fram av ei pressemelding frå Luranetunet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Orkesteret er eit såkalla "pro bono"-tiltak, men på "raideren" sin har musikarane ytra ønske om generøse mengder kamferdrops og fyrstekake, helst akkompagnert av ein kaffikopp.
- Delfiakake er ikkje feil, det heller, påpeikar musikarane.
Det er første gong Valerina Fortes Orkester vitjar Luranetunet.
- Me gler oss! skriv dei.
Slått, trekkspel og boklesing
Rockarane i Valerina Fortes Orkester er langt frå det einaste musikalske innslaget på Luranetunet i januar. Merethe Hovden inviterer til musikkstund og allsong kvar veke. I tillegg tek ho del i konsertserien som har fått namnet Luraneslåtten. Konsertane finn stad anna kvar torsdag frå januar til juni, og frå august til desember.
- Målet med prosjektet er å få til ein aktivitet som byd både på musikk og rørsle, og som skapar gode opplevingar i form av meistring, glede, samspel og kontakt med andre. Det er ikkje prestasjonane som står i sentrum, men dei gode opplevingane, heiter det i presentasjonen av tiltaket.
Måndag 16. januar spelar Roger, Eli og Kjell-Atle i Nonstop Trio i kantina på Luranetunet. Trioen har eit variert program, og spelar alt frå gamle slagere til Bjørn Eidsvåg og Vikingarna.
Trekkspelmusikk er ein gjengangar på Lurantunet. I tillegg bidreg Røde Kors med kiosksal og bingo. Med hjelp frå Os folkebibliotek får dessutan bebuarane tilgang på eit såkalla bokdepot. Med jamne mellomrom vert dei 50 boktitlane som Kultureininga i Os kommune gjer tilgjengeleg for lån, byta ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Bebuarane kan sjølv koma med ønske om, eller tema for bøkene, filmane eller lydbøkene som finst i depotet, heiter det i meldinga frå aktivitetskoordinator, Grete Byrkjeland i Os kommune.