Julemarknaden: Sjå kva Aksel laga på juleverkstaden
Nissen var populær som alltid, men julemarknaden i sentrum hadde mykje meir å by på enn berre nissefar og nissemor.
- Eg har laga denne, seier Aksel og held fram det som ser ut til å vera ein snømann på ski.
- Mamma har laga den andre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei har begge gjort ein god jobb med å attskapa malane som ligg på bordet. På Hobbystova Kreative Sjeler var det juleverkstad for store og små i dag. Nokre born laga nissar, medan den yngste i rommet på knapt eit år, kosa seg med risgraut.
- Dette må me ikkje seia noko om til mor, seier far og gliser.
Populære redningshundar
Aktiviteten var stor i telta då Os og Fusaposten stakk innom i føremiddag. Dei flotte redningshundane fekk knapt nok fred frå ivrige born, og det var nesten kø for å koma inn til utstillarane i telta.
- Er det mange som stoppar opp og kjøpar med seg julepynt?
- Ja, seier Torgunn Ellinor Haugland, som effektar laga av kunstglas og juledekorasjonar.
- Eg har sjølvsagt eit lite lager under bordet, slik at det til ein kvar tid er full på bordet, smiler ho.
Velkjende bollar
I det andre store teltet var aktivitetsnivået tilsvarande. Køen var lang framfor borda til Eikhaugen Gjestegard.
- Er det dei velkjende skillingsbollane eg ser?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, det er nok det, seier Siv Grethe Stadaas.
Ho stressar med å laga nok bollar til å forsyna køen.
- Kor mange bollar trur du at de kjem til å selja i dag?
- Det vert nok nokre hundre bollar. 500? 600, kanskje? Eg veit ikkje, men det har gått veldig bra så langt, seier ho.
Kø på Osøyro Libris
Men det var ikkje berre ute på gata at det var mykje folk. Butikkane drog også nytte av julemarknaden. På Osøyro Libris var det mange tilsette på jobb, og godt var det, for då me tok turen innom var det lang kø.
- Har de lokka med spesial-tilbod i dag, eller?
- Me har nokre spel på tilbod i dag, men ikkje noko meir enn det, smiler Merete Johnsen Bjørkeli i Osøyro Libris.
Nøgd sentrumsleiar
- Kor mykje trur du at det har å seia at det blei opphaldsvêr i dag?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det gjer nok at det kjem dobbelt så mange som det hadde gjort om det regna, seier sentrumsleiar Geir Amundsen, som var tidleg oppe i dag.
- Eg var her klokko 07.00 i dag. Då var ikkje vêret fullt så bra som det er no, smiler Amundsen.
- Kor lenge blir du her i dag då?
- Til klokka 19.00. Det blir ein tolv-timars-dag i dag.
Antikk-butikk
- Nei, det er ikkje ein forretning, seier Marianne Ulevik.
Me har følgt nokre oransje skilt som har ført oss over brua, og inn i antikk-lageret til Ulevik.
- Eg har samla i nokre år. Det er vel fem år sidan, kan eg tenkja meg, seier ho.
Men ho tek ikkje vare på antikvitetane sjølv, i alle fall ikkje alt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Korleis ser det ut heime hos deg?
- He-he. Det er mange gamle ting der, kan eg fortelja deg.
Noko tek ho vare på, men mykje at det ho kjøpar sel ho vidare.
- Dette er lageret mitt, som eg opnar for kundar på spesielle dagar som dette. Elles har eg ope på somarmarknaden, og tilsvarande arrangement.
Nissemor og nissefar leverte
I det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten var det for anledninga laga til eit program med ulike artistar. Der var det godt å koma innom og varma seg litt, og slappa av til flott musikk. Myrna Braza og kjærasten hennar stod for musikken då me stakk innom.
Klokka 14.00 kom nissemor og nissefar til Borgstova på prestegarden. Først blei me vist inn i eit rom, og alle sette seg ned for å venta på nissen. Det viste seg å vera eit venterom! Men nissefar (Jimmy Øvredal) og nissemor (Bente Borghild Hauge) var verd ventetida. Mellom dei fine songane underheldt dei publikum med morosame påfunn, som passa både for liten og stor.
Marknaden held fram i morgon
Det ikkje lenge til julemarknaden er over for i dag, men i morgon er det ein ny dag med marknad i Os. Born og vaksne som ikkje fekk helsa på nissen i dag, får ein ny sjanse i morgon, og butikkane har søndagsope..