Fusingen Ole Bjørn Eikeland har gjeve ut ei bok der han deler sine refleksjonar rundt temaet tid.
Fusingen Ole Bjørn Eikeland har gjeve ut ei bok der han deler sine refleksjonar rundt temaet tid.

Refleksjonar rundt tid

Ole Bjørn Eikeland frå Eikelandsosen har nyleg gjeve ut ei bok med tittelen «Klokka går - Tolv tankar om tid». Her inviterer han lesaren med på ei fundering over temaet tid.

Wenche M. Eriksen

wenche.eriksen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

"Eg, som prøver å filosofera om tid, har ingen master i fysikk frå universitetet, kun 63 år realkompetanse på livet. Eg har ingen doktorgrad i tema TID, ingen professortittel i relativitet, kun oppsamla erfaring og litt filosofisk anlegg. Men eg har forska lenge, veldig lenge på temaet tid i mitt privatliv, og kome til nokre konklusjonar. Men like mange spørsmål står opne og utan svar."

Dette skriv Eikeland i presentasjonen av seg sjølv og av boka. Han er klar på at han er meir oppteken av refleksjonen og spørsmåla rundt temaet tid, enn å koma med konkrete svar. Eller som han skriv: "Å forstå tida, det er like vanskeleg som å forstå Gud og æva, men vi kan prøve å nærme oss frå ulike synsvinklar."

Ole Bjørn Eikeland er lærar ved Fusa vidaregåande skule, og har også undervist på ungdomsskulen tidlegare. I tillegg har han drive gardsbruk i ein mannsalder - for å bruka eit gamalt og kjend tidsomgrep - men har no overlate dette til den yngre generasjon.

Tidsperspektiv

- Har du filosofert over dette med tid lenge, eller er det noko nytt?

- Nei, dette er idear og tankar eg har gått og grunda på ganske lenge. Men avgjerda om å skriva tankane ned, og gje dei ut i bokform, er av nyare dato, fortel Eikeland.

Han tek utgangspunkt i dei ulike tidsaspekta, som til dømes subjektiv og objektiv tid, notid, fortid, framtid, relativistisk tid og tid som "Kongen av abstraktar".

- Dette er ikkje noko forsøk på å vera vitskapeleg. Eg luftar eigne subjektive oppfatningar, meiningar og spørsmål rundt temaet tid, seier han.

Eikeland synest det er interessant å setja livet me lever inn i eit større tidsperspektiv, og nemner forfattaren Jostein Gaarder som ei stor inspirasjonskjelde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han har mange artige og spennande tankar om tid, æve og rom, seier Eikeland.

Meir bevisst på tidsbruk

- Fører filosoferinga rundt tid at du blir meir bevisst på kva du brukar tida di på?

- Ja, det gjer det absolutt. Eg orkar ikkje å hengja meg opp i - og bruka tid på - dei små bagatellane i livet. Litt tull, tøys og humor kan vera både naudsynt og meiningsfullt, men dersom det fører til irritasjon og tap av verdifull tid, så er det ikkje like positivt.

Eikeland synest me lever i ei veldig forkava tid, med mykje stress og tidspress.

- Sjå berre på revolusjonen som kom med data-alderen. Dette er eit godt døme på noko som i utgangspunktet skulle hjelpa oss å spara tid, men som no er blitt ein tidstjuv. Enkelte ting kan gjerast ufatteleg kjapt i dag, men ein kan også oppleva at informasjonsmengda er så lett tilgjengeleg og så stor at ein får problem med å sila ut kva som er relevant og ikkje. Dermed bruker ein kanskje meir tid enn før på å finna fram til same svaret, seier den ferske forfattaren.

Subjektiv tid

Eikeland skriv at oppleving av tid er høgst subjektivt. Har me det kjekt, går tida fort. Er me sjuke eller slit med andre ting, kan det av og tid kjennast som om tida stoppar opp, eller går svært langsamt.

"Når me stressar, det har vi alle gjort, då spring tida fortare enn oss, og vi mister kontroll. Stress er ein sjukdom i samfunnet, og personleg vert ein også sjuk viss ein stressar ofte. Men må det vere slik, at vi alltid kjennes å kome på etterskot?" spør han retorisk.

Han meiner at litt av svaret ligg i utsegnet «Tid er pengar».

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sidan vi bruker meir pengar enn vi eigentleg har råd til, så lever vi på forskot med forbruk, og kjem inn i eit kapplaup med banken for å betala tilbake.

"Og i banken går tida utan stans, time for time, dag for dag og år for år. Og renta spring med den, søndag som måndag. Dette vert det stress av. Tidsklemma er ikkje til å spøke med, den kan rive deg sund," skriv han.

- Kva målgruppe skriv du for?

- Det er nok helst for vaksne menneske, gjerne dei som synest det er spennande å filosofera over tema som dette.

Boka kan kjøpast hos bokhandlaren på Osøyro, på Bunnpris i Eikelandsosen, eller hos forfattaren sjølv.