Birte Særvold Pedersen har god grunn til å smila. I Torvholo har julepakkane og juleposane strøyma inn dei siste dagane.
Birte Særvold Pedersen har god grunn til å smila. I Torvholo har julepakkane og juleposane strøyma inn dei siste dagane.

Har samla kring 300 pakkar og juleoppmuntringar

Med pakkesentral i Torvhola har Birte Særvold Pedersen og hennar støttespelarar samla ei røys av jule-helsingar til trengande i Os.

Birte Særvoll Pedersen har eit stort hjarte for vanskeleg-stilte og dei som ikkje har så mykje å rutta med. Difor starta ho i fjor julepose-prosjektet - eit prosjekt der dei samlar inn pengar, pakkar eller juleposar med hushaldningsartiklar og matvarer og deler ut til dei i heimkommunen som ikkje har så mykje å rutta med. Prosjektet tok av frå start av.

- Alt i fjor samla me inn langt fleire pakkar enn eg hadde førestilt meg. Og i år har me fått inn endå meir. Eg er heilt overvelda over folks gjevar-glede, smiler Birte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pakkefullt rom

Tysdag kveld fekk ho inn dei siste pakkane og juleposane. Alt samla under eitt tak i Torvhola (ungdomsklubb-lokalet) i Nore Neset Aktivitetshus.

- Me opplever støtte og hjelp kvar hen me vender oss. Eg må berre få takka Karin Bøyum og Nore Neset Aktivitetshus for at me får nytta dette lokalet. Det vart litt styr i fjor då eg måtte ta imot og oppbevara alle pakkane heime i eige hus, humrar pakke-samlaren.

Medan «Os og Fusaposten» var innom tysdag kveld, strøymde pakkane og posane inn døra. Ved hjelp av søster Irene Særvold Pedersen og Charlotte Høyerholt Johannessen fekk Birte plassert alt i rette kategoriar.

Flaskepant-gjengen frå Øyane bidrog med 51 leike-pakkar.
Flaskepant-gjengen frå Øyane bidrog med 51 leike-pakkar.
Maj-Linn Hagevik Vedholm kom med flaskepante-gjengen frå Øyane. Irene Særvold Halvorsen og Charlotte Høyerholt Johannessen er med i mottaksskomiteen for julegåvene.
Maj-Linn Hagevik Vedholm kom med flaskepante-gjengen frå Øyane. Irene Særvold Halvorsen og Charlotte Høyerholt Johannessen er med i mottaksskomiteen for julegåvene.
Eit par døme på dei ekstra store familie-pakkane som vert delte ut.
Eit par døme på dei ekstra store familie-pakkane som vert delte ut.

- Her har me pakkar til born. Her har me til einslege vaksne, og her har me familiepakkar med mat og litt godsaker, forklarer Birte.

- Korleis fordeler du dette?

- Me startar å køyra ut i morgon (onsdag). Ein del av dei me leverer til er familiar/unge som eg veit kan nyta godt av litt hjelp og støtte. Elles har eg ei kvinne i Os med eit stort hjarte og eit stort nettverk - ho vil ikkje at eg nemner namn - som hjelper meg med å nå ut til ein del folk. Slik hjelp er uvurderleg, seier Birte.

127 pakkar med leikar

- Korleis har du fått alle pakkane?

- Det er mykje jungeltelegrafen og sosiale medium som gjer nytta. Når folk høyrer om dette, er det forbausande mange som vil hjelpa. Når ein snakkar om at eg gjer ein innsats, så vil eg for all del at du også vinklar på at me er mange som bidreg. Først og fremst har eg hatt hjelp av min gode støttespelar Maren Engelsen. Elles vil eg seia at folk som sender oss pakkar imponerer alle som ein. Det er godt å sjå at så mange bryr seg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag kveld kunne ho telja 127 pakkar med leiker. Samtlege sponsa med 20 prosents rabatt av Ringo på AMFI Os.

- Me må få takka Ringo for den hjelpa. Ein får ein god del fleire gåver når prisane vert reduserte, seier Birte.

- Er det nokon du vil trekkja fram som har bidrege litt ekstra?

- Det er mange som har gjort meir enn kva eg spurte etter, men ei kvinne har vore heilt fenomenal. Ho har vore her med ei rekkje poser. Eg er sikker på at ho har handla for 2.000-3.000 kroner, fortel Birte.

Ivrige flaskepantarar

Eit 20-tals born frå Øyane kom inn døra tysdag kveld. Dei hadde med seg heile 51 gåver som dei hadde kjøpt for pengar dei hadde tent inn på flaskepant.

- Me tok oppfordringa frå Birte og dei om å bidra. Så nytta me «Aktive Øyane»-sida på Facebook for å hinta folk om at me kom etter flasker. Responsen var enorm, fortel mor til ein av flaske-pantarane, Maj-Linn Hagevik Vedholm.

Ved hjelp av velvillige foreldre med bil og stor bagasjeplass, samla borna inn flasker for 6.500 kroner.

- Det gjekk overraskande kjapt. Heile flaskepant-summen vart ordna i løpet av ein kveld, legg Vedholm til.