Os vidaregåande skule opplever oppgang i søkjartala.
Os vidaregåande skule opplever oppgang i søkjartala.

Fyrsteinntaket til vidaregåande er klart: Solid oppgang for Os vgs

Os vgs ligg an til ein auke i søkjartalet for 2018 på 32 elevar i høve 2017.

For Os gymnas viser prognosen etter at førsteinntaket no er klart, ein nedgang i søkjartal på 43, medan Fusa vgs ligg an til éin søkjar meir enn i 2017.

Størst auke på TIP

– Vi har størst prosentvis auke til teknikk og industriell produksjon (TIP), seier inntaksleiar Nils Skavhellen.

Artikkelen held fram under annonsen.

70 fleire elevar enn i fjor har søkt TIP. Dette er ein auke på 10,6 prosent frå i fjor.

– Nedgangen i oljerelatert industri førte til nedgang i 2014 og 2015. I 2016 flata det ut og vi fekk auke i fjor. No ser det ut til at dei gode tidene er tilbake. Dei som starta på TIP for to år sidan kan no gå ut i ettertrakta læreplassar, seier Skavhellen i ei pressemelding.

Den andre studieretninga som opplever fin auke er studiespesialisering med 114 fleire søkjarar enn i fjor, ifølgje pressemeldinga frå fylkeskommunen.

Størst nedgang

Størst nedgang opplever elektrofag med 61 færre og media og kommunikasjon med 54.

Totalt har 18.325 elevar søkt plass i den offentlege vidaregåande skulen i Hordaland. Dette er om lag det same som i fjor.

Hordaland fylkeskommune har plass til 17.148 elevar komande skuleår. 17 267 elevar har rett til skuleplass, såkalla ungdomsrett.

- Ved dette førsteinntaket ein del søkjarar som vil bli skuffa over at dei ikkje har fått plass ved den skulen eller ved det utdanningsprogrammet dei har søkt. Mange har og fått melding om at dei står på venteliste til alle ønskja sine. Dette vil endre seg mykje ved andreinntaket måndag 30. juli, og endå meir ved tredjeinntaket onsdag 8. august, utdjupar Skavhellen.

Særleg vil det bli store endringar for mange som har søkt vg1 studiespesialiserande program. Her er det likevel generelt gode sjansar for inntak, sjølv om ein har fått eit høgt ventelistenummer ved 1. inntaksomgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det viktigaste no er at søkjarane går inn på vigo.no og svarar på om dei tek imot tilbod om plass, og/eller om dei framleis vil stå på venteliste. Dersom du ikkje har svart når svarfristen går ut, mister du plassen utan nærare varsel, påpeikar Skavhellen og legg til:

- Ein del søkjarar «gidd» ikkje svara fordi dei ser at dei uansett blir strokne frå listene etter 25. juli. Til dei er det å seia at det alltid er til det beste å svare, då unngår ein mistydingar.

jostein@osogfusa.no