Det blir varmt for Erik Tysse i VM i Beijing om tre veker. Forma verkar uansett å vera god. I helga vart det nok ein gong NM-gull på osingen.
Det blir varmt for Erik Tysse i VM i Beijing om tre veker. Forma verkar uansett å vera god. I helga vart det nok ein gong NM-gull på osingen.

Gjekk inn til NM-siger

Erik Tysse tok i helga gull på 5.000 meter i NM i Haugesund. Han var likevel ikkje heilt nøgd med løpet.

- Det gjekk bra lenge. Eg starta forsiktig, men så gjekk eg berre fortare og fortare, seier Tysse.

Men om lag 1.200 meter før mål fekk han litt koordinasjonsproblem.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er nok grunna høgde-opphaldet eg hadde frå slutten av juni til slutten av juli. Eg måtte berre konsentrera meg om kroppen. Difor gjekk farten ned mot slutten, seier han.

Tysse kom likevel i mål på ei sterk tid, 19,19,07, 23 sekund framfor andreplassen.

- Me var fire gode utøvarar som stilte til start, og alle fekk gode tider, seier han.

Mål om topp 12

Neste onsdag reiser Tysse til pre-camp i Hong Kong for å førebu seg til VM i Beijing. 23. august stiller han til start i 20 kilometer kappgang, med eit klart mål for auge.

- Eg har eit mål om å klara topp tolv. Har eg ein veldig god dag, så kan eg klara topp åtte, men då skal mykje klaffa, seier han.