Geir Skaten (t.h) vart berre slått av Lars Olaf Haagheim (t.v) frå Varegg IL. Begge var nøge med innsatsen. (Privat foto)
Geir Skaten (t.h) vart berre slått av Lars Olaf Haagheim (t.v) frå Varegg IL. Begge var nøge med innsatsen. (Privat foto)

Skaten berre slått av Olaf

Ei rekkje osingar var i aksjon i Stoltzen opp i helga. Geir Skaten og Anne Marit Skjeie markerte seg med kvar sin andreplass.

Kring 30 utvøvarar frå Opptur Motbakkeklubb frå Nore Neset hadde meldt seg på til trappeløpet i Bergen i helga. 23 av dei stilte til start og gjennomørde det vel 900 meter lange motbakke-løpet.

Opptur-medlem Geir Skaten konkurrerte denne helga for Gular, men var like fullt raskaste osing denne helga. Med tida 9,48 tok han ein andreplass i klassen for herrar 40-44 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er ganske nøgd med prestasjonen. Eg har pers på 9,25. Men slik forma er for tida var dette maks av kva eg kunne klara, seier norenesingen, som berre vart slått av Lars Olav Haaheim frå Varegg IL.

Raskaste kvinnelege utøvar frå Os vart igjen Anne Marit Skjeie frå Sprek og Blid. Ho forserte dei 700 trappetrinna på tida 12,25. Også det heldt til andreplass i årsklassen - for Anne Marits del - kvinner 50-54 år.

Ny løyperekord

Elles var det nok kanonløpet til Thorbjørn Ludvigsen som gav mest gjengklang mellem dei sju fjell denne helga. Løpskameraten til vår eigen Thomas Andersen nådde toppen av Stoltzen på utrulege 7,58. Det er vel åtte sekund raskare enn hans eigen løyperekord frå 2013.

Anne Marit Skjeie vart nummer to i sin årsklasse. (Arkivfoto)
Anne Marit Skjeie vart nummer to i sin årsklasse. (Arkivfoto)

Blant dei andre osingane som markerte seg trekkjer me fram Eirik Spanglo Haga frå Nore Neset IL. Han sprang på sterke 10,21 og vart med dette nummer 11 i klassen for gutar 15-17 år.

Kjetil Styrvoll noterte seg for 11,11. Det heldt til åttandeplass i klassen for menn 45-49 år.

Elles vart Thorleif Holme nummer sju i klassen for menn 65-69 år.