Då "Sal og scene" sto for underhaldninga under eit eldretreff i desember, viste dei utdrag frå musikalen "Remember my name". Måndag er det premiere på heile stykket under eitt.
Då "Sal og scene" sto for underhaldninga under eit eldretreff i desember, viste dei utdrag frå musikalen "Remember my name". Måndag er det premiere på heile stykket under eitt.

Musikal om kjendisdraumar

Elevar frå Nore Neset ungdomsskule viser neste veke musicalen "Remember my name" om draumen om å bli dansar eller musikar.

Måndag er det premiere på ein ny musical på Nore Neset ungdomsskule.

Elevane frå valfaget "Sal og scene" har arbeidd med produksjonen i eitt år saman med musikklærararne sine, Anne Leni Søfteland og Terje Neset. Om lag 50 elevar er med på framsyninga. Dei har teke del i alle ledd i det å produsera ei stor framsyning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste veke får dei endelig vist fram resultatet med fire framsyningar i amfiet på skulen måndag til og med torsdag.

- Det blir ei flott framsyning med elevar frå alle klassetrinn. Som alltid står musikklærarane våre, Anne Leni og Terje, for regi og opplegg. I tillegg får dei hjelp av gode musikarar, skriv skulen på si heimeside.

Søfteland og Neset har brukt musicalen Fame som utgangspunkt når dei har skrive stykket som også handlar om å koma inn på ein musikk- og danseskule, slik det er i originalen. Dei følgjer heile prosessen frå audition til livet på skulen.

Omlag 50 elevar er involverte i produksjonen.
Omlag 50 elevar er involverte i produksjonen.
"Remember my name" består både av omskrive musikk frå originalen Fame og anna musikk.
"Remember my name" består både av omskrive musikk frå originalen Fame og anna musikk.

Dei to musikklærarane har skrive om tekstar og musikk. Noko av musikken er henta frå Fame, mens dei også har tatt med ein del annan musikk.