Brua mellom Røtinga og Brattholmen tener også som småbåtanlegg. Planane om utviding av båthamna møter motstand.
Brua mellom Røtinga og Brattholmen tener også som småbåtanlegg. Planane om utviding av båthamna møter motstand.

Strid om småbåthamn

Både naboar, næringsinteresser og fylkesmannen har innvendingar mot småbåthamna i Toreidpollen. Førre veke møttest Lars Sponheim med stab ordførar Terje Søviknes med stab for drøfting.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Den private reguleringsplanen for tiltaket i Toreidpollen mellom Brattholmen og Røtinga på Søre Øyane er ført i pennen av ABO Plan- & Arkitektur på vegner av fiskar og grunneigar Elling Røttingen. Føremålet med planen er å utvida det eksisterande småtbåtanlegget frå 58 til 99 båtplassar med tilhøyrande naust, og å byggja 2-4 bustader. Dessutan vil brua til Brattholmen få fortau, og det same vil delar av Røtingavegen som i dag ikkje har fortau. Dette kravet kom frå barnetalsmannen i Os kommune, Jonny Haugland, noko som vil gje skuleborn på Brattholmen betre skuleveg.

Uroa for ureining

Enkelte naboar har uttalt seg kritisk til planen. Finn Hille Halvorsen og Solveig Freuchen tok sterk avstand frå at noverande marina vert utvida.

- Toreidpollen er alt no sterkt belasta av forureining, og ei utviding av eksisterande anlegg vil auka problemet vesentleg, hevda dei. Knut Galtung Døsvig tok opp same temaet.

Nye flytebruer og parkeringsplassar i Toreidpollen vil gje monaleg meir trafikk i området, påpeikar fiskeforedlingsverksemda Inka.
Nye flytebruer og parkeringsplassar i Toreidpollen vil gje monaleg meir trafikk i området, påpeikar fiskeforedlingsverksemda Inka.

- Toreidpollen er delvis stengt av flytebrua. Det er til hinder for normal gjennomstrauming av vatn. Toreidpollen er i dag sterkt belasta av ureinande båtar. Tidvis er stranda i sør sterkt tilgrisa av olje og avfall frå båtane, påpeikte Døsvig.

Planen vart like fullt sendt ut på høyring i sommar, med krav om at det må vurderast å la småbåtar/kajakkar få passera under den oppgraderte brua.

Konflikt med næringsinteresser

Snart kom det innspel frå den største næringsaktøren i området, fiskeforedlingsverksemda Inka AS. Firmaet sysselset 48 årsverk og har ein omsetnad på 80 mill. kroner.

- Me finn det svært uroande om Os kommune no vel å godkjenna ein reguleringsplan som legg opp til eit heilt bustadfelt som næraste nabo til eksisterande og nye produksjonsfasilitetar, skriv Ole Fjæreide i Inka.

Dei har alt i dag motteke støyklagar frå eksisterande naboar, og er uroa for nye konfliktar. Å utvida småbåthamna er dei også motstandarar av, særleg på grunn av den markante auken i privatbilismen som vil følgja med ei utviding av hamna og av bustadområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei viser til at Inka er eit firma i vekst, og med utviding kjem også meir tungtrafikk.

- Med dagens produksjon har Inka til tider 5-6 vogntog samtidig på anlegget, noko som tilsvarer 1000-1200 vogntog for året. Ved auke i produksjonen vil dette naturlegvis føra til endå meir tungtransport i området, viser dei til.

- Kommunen må gje Inka rom til å veksa

Dagens infrastruktur er i knappaste laget for dagens trafikkbilete, og problemet vil forverra seg dersom reguleringsplanen vert godkjent, melder Fjæreide.

Inka har potensiale for vekst i åra som kjem, og er avhengige av at Os kommune gjev dei rom for å veksa.

- Inka har fleire langsiktige avtalar om fiskeforedling for både norsk og internasjonale aktørar som tyder på sterk vekst også i åra som kjem. Dette fordrar at Inka får utvikla næringsområdet vidare, og kan realisera planane om nybygg i næringsområdet som selskapet alt eig, og som ligg heilt opptil det planlagde bustadområdet i reguleringsplanen, skriv Fjæreide.

Sprenging og stygge skjeringar

Fylkesmannen sine innvendingar handlar meir om naturmiljø og friluftsinteresser i området.

- Delar av småbåthamna ligg i eit område som er bratt og eksponert mot Toreidpollen. Planskildringa viser til at det skal sprengjast ut store mengder fjell som skal fyllast ut i sjøen for å gje plass til parkeringsplassar og annan infrastruktur knytt til småbåtanlegget. Det er nemnd at skjeringane vil kunna bli opp mot ti meter høge. Inngrepa vil då vera så store at det visuelle inntrykket av Toreidpollen vil endrast, skriv Fylkesmannen og etterlyser eventuelle tiltak for å redusera denne visuelle endringa. Det er dessutan funne den sjeldne naturtypen randprikklav på berg i området.

Vidare viser Fylkesmannen til at ei nær dobling av talet småbåtplassar vil auka faren for utslepp av petroleumsprodukt i den avstengde Toreidpollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse og fleire andre innvendingar frå Fylkesmannen vart drøfta på eit dialogmøte sist veke. Partane vart samde om at planen må utfyllast/endrast på ein del vesentlege punkt. Fylkesmannen vil vurdera han på nytt når det er gjort.