Det var i fjor sommar at mannen i 40-åra forsynte seg frå Havnechefen.
Det var i fjor sommar at mannen i 40-åra forsynte seg frå Havnechefen.

Innrømte tjuveri frå Havnechefen

Det var ei rekkje lovbrot mannen i 40-åra tilstod i retten. Eitt av desse var tjuveri frå restauranten i Os sentrum.

Havnechefen har hatt nokre tilfelle av ubedne gjestar. Ein mann i 20-åra har tidlegare tilstått å ha stole drikke frå taket på restauranten. No har ein mann i 40-åra tilstått å ha stole eit par Coca Cola-boksar og å ha prøvd å bryta opp eit kjøleskap. Dette skal ha skjedd i august i fjor.

Mannen erkjente også i retten å ha medverka til å stela ein scooter frå ei adresse i Gymnasvegen i fjor haust. Totalt blei mannen i 40-åra dømd for to tjuveri, eitt av dei medverknad til brukstjuveri, to tilfelle av nasking, to tilfelle av omsynslaus åtferd, ei valdshending og to brot på narkotikalova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stort frådrag grunna tid i varetekt

Den sikta mannen er tidlegare domfelt 16 gonger, for mellom anna vinningskriminalitet og narkotikakriminalitet. Han skal ha erkjent alle forholda. Han blei i fjor vår lauslaten på prøve. Prøvetida varte til midten av oktober i fjor. Alle lovbrot han blei sikta for blei gjort i prøvetida. Mannen blei dømt til eitt år i fengsel, noko som er ein fellestraff med resttida av Bergen tingretts dom sommaren 2017. Varetektsfrådraget er på 191 dagar.