Både Os og Tysnes og Fusa lensmannskontor var representerte då Jarle Myklebust (i midten) hadde kurs om "politiavhøyr på staden" i Sigurdsvika denne veka. Til venstre Kjartan Svendsen. Til høgre Kjetil Hansen.
Både Os og Tysnes og Fusa lensmannskontor var representerte då Jarle Myklebust (i midten) hadde kurs om "politiavhøyr på staden" i Sigurdsvika denne veka. Til venstre Kjartan Svendsen. Til høgre Kjetil Hansen.

Meir mobile med ny mobil

Nye mobiltelefonar med ei rekkje nyttige appar skal gjera polititenestemenn over det ganske land meir mobile og sjølvhjelpne.

I samband med den nye nærpolitireforma vert ei rekkje lensmannsbetjentar over heile landet i desse dagar kursa i å gjera politiavhøyr på staden. Eit viktig verkty for å gjennomføra dette er ein eigen politi-mobiltelefon med ei rekkje appar laga spesielt for å letta arbeidet ute i felten.

- Med færre lensmannskontor krevst det at kvar enkelt lensmannsbetjent gjer meir og vert meir sjølvhjelpen i tida framover, seier kurshaldar Jarle Myklebust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Intuitivt og nyttig

Fire instruksjonsteam kursar i desse dagar tilsette i Vest politidistrikt i "politiavhøyr på staden". Eitt av teama var denne veka på plass i Os roklubb sine lokale i Sigurdsvika. Her fekk 16 polititenestemenn og kvinner utdelt kvar sine flett nye Iphone 6s-telefonar, med ferdig installert utstyr.

- Me fekk dei på første kursdagen i går. Det er absolutt mange nyttige appar og snarveger som vil vera tidbesparande for oss når me er ute på oppdrag, seier Kjetil Hansen frå Os lensmannskontor.

Kollega Kjartan Svendsen frå Tysnes og Fusa lensmannskontor er samd.

- Systemet verkar lettfatteleg og greit å bruka. Me blir nok meir sjølvhjelpne med eit lite "kontor" av dette slaget i handa, seier Svendsen.

Søk- og redningsarbeid

Instruktør for mobilbiten, Jarle Myklebust, er noko tilbakehalden med kva arbeid politiet no kan gjera frå mobilen, men røper såpass:

- Me får tilgang til mange nettverk for person- og køyrety-register direkte på mobilen. I tillegg er det spesiallaga appar som skal vera til hjelp for søk og redningsarbeid, fortel Myklebust.

- Elles kursar me politibetjentane i dag i korleis dei skal gjera politiavhøyr på staden, ved hjelp av opptaksfunksjonen på mobilen. I morgon (torsdag) vil me sjå på korleis ein kan gjera åstadsgransking og nytta mobilfoto og videoopptak frå kamera i den typen bruk, forklarer Myklebust.

Etter at lensmannsbetjenten har gjort seg ferdig med det operative arbeidet vert all data samla og lagra i ei "politi-sky".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei som sit på dei enkelte lensmannskontora får altså tilgang til materialet ganske så umiddelbart etter at politibetjenten har gjort seg ferdig, konstaterer Myklebust.

Trygt å bruka

Naturlege innvendingar mot den nye, utstrakte mobilbruken til politiet, er sjølvsagt om informasjonen vert godt nok beskytta. Myklebust meiner det.

- Det blir langt tryggare å gjera avhøyrsopptak med mobilen enn med ein digital bandspelar. Om bandspelaren forsvinn, er det "lost case". Opptak gjort med mobilen vert lagra i "politiskya", seier instruktøren.

- Men om betjenten blir fråstolen mobilen, vil tjuven då kunne gjera svært mykje skade?

- Om noko slikt skulle skje, så skal det litt til at tjuven kjem seg inn på mobileininga. I tillegg til kode- og fingeravtrykk-tilgang, må brukaren tasta eit nummer frå ei eiga kodebrikke som betjenten skal bera om halsen. Vegen er med andre ord lang før nokon kan gjera seg nytte av ein slik telefon, konstaterer Myklebust.