200 trivselsleiarar i sving i Oshallen
To gonger i året vert det valt nye trivselsleiarar i barneskulane i Os. I dag var Strøno og Søre Øyane vertskap då nye leiarar fekk opplæring i Oshallen.
- No skal me gjera som Usain Bolt gjer når han har vunne eit løp, seier Kari Snartemo, før ho viser signaturfeiringa til sprintaren.
Snartemo er programansvarleg for Trivselsprogrammet i Hordaland og Rogaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elevar underviser elevar
200 trivselsleiarar frå alle barneskulane i Os, bortsett frå Lysekloster, fekk opplæring i trivselsdansen då me tok turen innom Oshallen i føremiddag.
- Det er Strøno og Søre Øyane som er vertskap i dag. Dei møtte tidlegare enn dei andre trivselsleiarane, då det er dei som skal leia dei andre trivselsleiarane gjennom programmet i dag, seier Snartemo.
Passar på medelevane
Skulane tek del i Trivselsprogrammet, der mobbefrie trivselsleiarar legg til rette for auka aktivitet i storefriminutta.
- Elevane har nominajons-val kvart halvår, der dei stemmer på dei elevane dei meiner passar til å vera trivselsleiarar. Dei som blir valt skal gå framfor med eit godt eksempel, leia leiken, og passa på at alle som vil, får vera med, seier Snartemo.
Skulane tilpassar
Det er vanleg at nominasjonsval blir halde på 4.-7.trinn, men det er ikkje eit krav.
- Skulane tilpassar dette sjølve, og i ein klasse der det er 20. elevar, med ti jenter og ti guter, blir det gjerne valt to trivselsleiarar av kvart kjønn. Dette varierer òg. Det er lov å ha fleire, seier Snartemo.
- Som eit einaste langt storefri
- Kva skal elevane gjennom i dag?
- Dei skal læra nye aktivitetar som dei kan leika på sine skular. Det er ti aktivitetar på programmet, som alle skal gjennom. Dette gjer me to gonger i året, seier Snartemo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lærarane som var tilstades meiner at dette er eit godt tiltak på mange måtar.
- Det er stas å bli valt som "Tl". Det er mange som ønskjer det ansvaret, seier Niklas Linde, lærar på Os barneskule.
- Eg har vore med på dette nokre gonger, og me ser at dette er noko som fungerer, seier lærar-kollega, Stian Lunde.
- Berre sjå kor rolege dei er. Det er tydeleg at dei har det kjekt. Denne dagen er jo som eit einaste langt storefri for elevane, seier Lunde.
Trivselsprogrammets mål er å:
Fremja auka og meir variert leik/aktivitet i storefriminuttene.
Leggja til rette for at elevar skal kunna byggja gode venskapsrelasjonar
Redusera konfliktar blant elevar.
Fremja verdiar som inkludering, venlegheit og respekt.