Eldsjela Nils Midtseter
I tallause år har Nils Midtseter stilt opp for alle andre, med krav om ikkje å få betalt. No ønskjer dottera Madeleine og fleire venar av Nils å gje eldsjela velfortent skryt.
- Pappa har stor glede av å gleda andre, men han er nok ikkje flink nok til å hjelpa seg sjølv. Han gjev seg ikkje tid til det. Eg er van med at timeplanen hans er full minst seks av sju dagar i veka. Vi har alltid samlast kring middagsbordet, men elles har han vore på farten, seier Madeleine.
Eit levande hus
I lang tid har Madeleine lurt på kva ho kan gjera for å få skrytt nok av far sin. Ho jobbar på Kiwi Moberg og det er stadig kundar innom som kommenterer faren og arbeidet han legg ned for andre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det kjem folk bort til meg, folk frå alle foreiningane, laga eller organisasjonane han hjelper. Dei skryter alle saman. Eg plar seia at huset vårt lever. Det er så mange som kan koden til boksen der nøkkelen til huset ligg. Eg kan risikera å stå i dusjen og plutseleg kjem det nokon inn i huset som skal henta noko musikkutstyr. Halve Os kan sikkert koden, seier Madeleine og humrar.
Krev å ikkje få betalt
Madeleine fortel at faren er med i eit par band, Ondt i ryggen og Steppin´ OUT. Han hjelper musikkforeningen og korps, og han hjelper til på Er-An og i Fusa. Alt på dugnad.
- Han har alltid stilt opp for meg, men også for alle andre. Eg føreslår av og til at han berre skal slappa av litt, men han vil heller ut og hjelpa, seier Madeleine.
Os & Fusaposten har snakka med fleire kring Nils. Dei er alle samde i at det er på høg tid at mannen får litt ros for arbeidet han legg ned.
- Nils er på plass og riggar i fleire timar før korpsa sjølve er på plass, og hjelper med idear til produksjonen. Det einaste han krev er ikkje å få betalt, seier Ingeborg Steinkjer og Marit Valle.
Førstemann inn - sistemann ut
Om ein har vore på konsert med Os Musikkforening i Fjellheim, kyrkja eller Oseana, har ein sett Nils i arbeid.
- Mannen gjer sjølv lite av seg, men lyd- og lyssettinga hans er like stødig kvar gong. Han er ikkje lenger medlem i musikkforeininga, og han har ikkje born som spelar i skulekorpset. Like fullt gjer han denne dugnadsinnsatsen for laga. Han gjev tydeleg beskjed om at han ikkje vil ha noko som helst i betaling for jobben. Han vil ikkje ha blomar og helst ikkje bli dratt fram på scena. Han gjer innsatsen av glede for andre, ikkje for sjølv å hausta noko heider, seier Valle.
For at skulekorpset eller musikkforeininga skal presentera ein times konsert eller framsyning på scena i Oseana, legg gjerne Nils ned 20-25 dugnadstimar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han er på plass tidleg om morgonen, fleire timar før musikantane. Han monterer lyskastarar og mikrofonar, spring i trapper, drar på leidningar og eksperimenterer fram og tilbake med teknikken på miksepulten. Etter framsyningar er det ned med alt utstyret igjen og han er som oftast sistemann ut av lokalet, seier Steinkjer.
Jobbar for gode musikkopplevingar
Damene frå musikkforeininga fortel vidare at Nils har eit godt blikk for enkeltindividet. Han ser den vesle guten med kornetten som er på scena for første gong, og tenkjer at denne guten må vi gje eit flott oppleving. Dei ser på Nils som ein perfeksjonist, som brukar mykje tid for at kvaliteten skal bli den beste.
- Dette gjer han fordi han har ei genuin oppfatning om å gje publikum ei god oppleving. Likevel gjer han det kanskje aller mest for å gje born og ungdom ei god oppleving med musikken. Frå tida som instrumentforvaltar i skulekorpset var han alltid oppteken av at borna ikkje skulle få utlevert eit instrument som var i dårleg forfatning, seier Valle.
Her handla det om å gje born ein god start for å kunna oppleva musikkglede.
- Han hadde sett nok av eksempel på born som gav opp musikken fordi dei fekk tildelt eit instrument som i følgje dei vaksne var "godt nok for ein nybyrjar", seier Steinkjer.
Damene nemner eit siste eksempel for å illustrera eldsjela.
- Etter at Oseana blei bygd med sitt moderne tekniske utstyr, reiste Nils på kurs i lydproduksjon på Austlandet. Dette for å kunna levera den beste tenesta til laga i Os, fortel dei to.
Tok fri éin gong
Simon Bjørnevik spelar i Ondt i ryggen saman med Nils. Når vi fortel at dottera har sagt at sikkert halve Os har tilgang på nøkkel til heimen deira.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er nok fare for det. Eg kan koden for å finna nøkkelen. Det er ikkje noko problem å koma seg inn der, seier Bjørnevik.
Han kjenner seg også att i skildringa om eit levande hus.
- Vi er der stadig vekk. Alle øvingane finn stad i huset til Nils, seier Bjørnevik, som berre kan hugsa ein gong Nils verkeleg har teke fri.
- For nokre år sidan segla han nordover til Bodø. Dette var mellom to jobbar. Han var borte i nokre månader. Eg var med og tok imot han, saman med Madeleine, då han kom heim. Då fekk han nok ladd batteria godt. Vel fortent, for han står på natt og dag for andre.
Hjelper også i nabokommunen
Ein annan som kjenner Nils godt, er Geirmund Sandven.
- Eg har spelt saman med Nils i ulike samanhengar sidan 1993. Han er ein ja-mann, og ein utruleg fin type.
Sandven har jobba i Fusa i 15 år, og vore dirigent for brassbandet Holmefjord Musikklag i over 20 år. Også i nabokommunen har Nils hjelpt til.
- Han har steppa inn når det har vore naudsynt, og hjelpt til. Han har vore med her og der. Eg kunne sagt mykje positivt om Nils. Eg kan ikkje seia at han har ADHD, for han har sikkert heile alfabetet, seier Sandven og humrar.