Olve Eikemo og resten av gjengen i Abbath har akseptert å bli Spellemannsnominert i klassen for metall under utdelinga i Oslo laurdag 28. januar. (Privat foto)
Olve Eikemo og resten av gjengen i Abbath har akseptert å bli Spellemannsnominert i klassen for metall under utdelinga i Oslo laurdag 28. januar. (Privat foto)

Har akseptert nominasjonen

I 2010 nekta Olve Eikemo og Immortal å bli nominerte, i år er Eikemo og Abbath på lista for årets Metall-band.

Den 43 år gamle metall-artisten frå Lysefjorden er nominert i klassen for metall i lag med bandet Abbath. Metall-bandet debuterte med den sjølvtitulerte plata «Abbath» i januar i fjor.

Kan få sin første

I 2010 takka Immortal og Olve Eikemo, betre kjent som Abbath Doom Occulta, og resten av bandet nei til å bli nominerte til Spellemannsprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Spellemannsprisen er ingen dårleg pris, men den bryt mot rock'n'roll-prinsippa. Kva skal me med ein klapp på skuldra no? Kvar var Spellemann i 1995 då vi jobbet oss i hel? Dei kan ikkje koma no - 20 år etter at me starta - berre fordi dei vil vera med oss, sa bandets tekstforfattar, Harald Nævdal, til pressa den gongen.

Heidra plate

Men i år har Olve og Abbath altså akseptert nominasjonen. Dersom bandet når opp i kategorien Metall, blir det Abbaths første Spellemannspris i karrieren.

- Olve er ikkje ukjend med prisar, men ein Spellemann har han endå til gode å få. Elles fekk dei jo Metall Hammer Awardsprisen for beste debutplate i Berlin i fjor haust. Det er rimeleg stort, fortel kompis og bandkollega i «Bömbers», Tore Bratseth.

Aurora Aksnes vann i fjor for årets nykomar. I år er ho nominert i tre kategoriar.
Aurora Aksnes vann i fjor for årets nykomar. I år er ho nominert i tre kategoriar.

14. januar har han med seg Olve når dei for 20. året på rad står på scenen på Garage med «Motörhead»-tribute-bandet «Bömbers».

Tre nominasjonar for Aurora

Ein annan lysefjording som også kan sjå spent fram til Spellemannspris-utdelinga i Oslo 28. januar er Aurora.

20-åringen er nominert i heile tre kategoriar: Årets popsolist, årets album og årets video.