Marie Bruarøy er stortingskandidat
I dag vart Marie Bruarøy offisielt plassert på lista over potensielle stortingsrepresentantar på Hordaland Høgre sitt nominasjonsmøte.
I dag fann Hordaland Høgre sitt nominasjonsmøte stad på Grand Terminus i Bergen. Varaordførar i Os, Marie Bruarøy, vart valt som nummer 15. på vallista.
- Det er utruleg kjekt å stå på lista saman, med og for Erna Solberg, kommenterer Bruarøy på sin facebookprofil så snart valet var eit faktum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Statsministeren vart ikkje overraskande plassert aller øvst på lista. Også Christian Frølich, som har røter i Fusa, vart plassert på den sikre 3. plassen.
Dei 8 øvste på lista
Dei åtte øvste på Hordaland Høgre si valliste er følgjande:
1. Erna Solberg
2. Ove Trellevik
3. Peter Frølich
4. Torill Eidsheim
Artikkelen held fram under annonsen.
5. Tom-Christer Nilsen
6. Liv Kari Eskeland
7. Sigurd Hille
8. Erik Skutle